Tre år og over 200.000 kroner har Torbjørn Vereide satsa. Det har vorte fem tonn med hans eige brettspel.

mm

– Dei siste åra har eg oppdaga brettspel på nytt, fortel brettspelskapar Torbjørn Vereide frå Sandane i Sogn.

LES OGSÅ: Frå finanskrise til gründereventyr 

Kampen om Nordfjordeid
For sjølv om 24-åringen allereie på vidaregåande hadde ei studentbedrift som laga det eigenproduserte brettspelet «Kampen om Nordfjordeid»– eit slags lokalt Monopol med ein ekstra vri – har han ikkje alltid nytta mykje tid på å spele sjølv.

– I motsetnad til dei fleste brettspelskaparar har eg kasta bort mykje tid framføre pc og Playstation, medgjev han.

Den seinare tida har derimot mykje tid gått med til brettspel. Over tre år har gått med til å utvikle spelet, som først heitte «Kampen om Norge». Det har han gjort samstundes som han har studert innovasjonsleiing og entreprenørskap ved Høgskulen i Ålesund. Å skrive bacheloroppgåve om spelet har vore til stor hjelp i utviklinga.

LES OGSÅ: Barnebøker som psykoanalyse

Monstermaster og Eli Hagen
No kjenner han seg nærast sosialt forplikta til å spele med slekt og vener. Og spelet har vorte grundig testa, på alt frå besteforeldre til unge syskenborn.  

For Vereide er det viktig at spelet skal ver nyskapande og verd å nytte tid på, samstundes som det kan lærast på under eit halvt minutt. På baksida av spelet står det til og med at 20 sekund skal vere nok.

«Norsk galskap», som det ferdige spelet heiter,er eit brettspel med 120 kort med ulike oppgåver. Fleire kort kan kombinerast og Vereide fortel at lattermusklar vert nytta. I spelet treff ein mykje av det typisk norske: joik, Eli Hagen, Oddvar Brå, engleskular,  «Edens saftbygd», Petter Solberg-engelsk, monstermaster og NAV.

Namnetrøbbel
Sjølv følte han at spelet var nesten klart både på eitt og to år sidan, men fann likevel betringspotensiale.

– Skal ein satse hus og heim på noko slikt, må det vere så bra det berre kan, seier Vereide, som faktisk måtte velje: leilegheit eller spel. Han kunne hatt ei leilegheit i Volda, der han no bur, i staden for fem tonn spel.

Han angrar likevel ikkje. No seier han seg verkeleg nøgd med resultatet – og namnet på spelet.

Det var først langt ute i prosessen han vart klar over at det opphavlege namnet allereie var teke.

– Det var først litt keisamt, men i samråd med mi kjøre mor klarte eg å finne noko nytt, seier  gründeren, som no tykkjer at det nye namnet skildrar spelet enda betre.

Nervepirrande innspurt
Fram mot jul bikka kontoen null. Han har satsa alt sitt og fått hjelp frå andre. Økonomisk hjelp frå kjente og litt gratis vegleiing og nettverkshjelp frå forlaget Vennerød, som har spesialisert seg på brettspel. Draumen er å kunne skape seg eit eige levebrød.

– Det var nervepirrande i innspurten, då det vart både skipsforseinkingar og trøbbel på glatte vegar, fortel 24-åringen.

Men spela kom heim til jul. Vereide er no spent på korleis lanseringa går. Han starta sin vesle lanseringsturne i Sogndal laurdag 14. desember, før han satsar på å stå på stand på kjøpesenteret Moa i Ålesund.  Han håpar at nokre butikkar tek inn spelet og at han rekk litt av julesalet med sine 4.500 spel ­– med tekst på bokmål.

– Eg hadde først skrive alt på nynorsk, sjølv om min nynorsk er noko turbulent, fortel Vereide, som sjølv har nynorsk som hovudmål.

Han konkluderte likevel med at nokon kunne ha vanskar med å lese tekstane i spelet. Å lage ei bokmål og ei nynorskutgåve vart for dyrt, difor enda det på bokmål.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE