– Gutar gøymer seg bak skjermen og hetsar jenter som speler
– Spel har ikkje noko å gjere med kor fysisk sterk ein er. Jenter og gutar kan vere like flinke, seier Ava Alexandra Ngo.
– Eg vil bidra til eit betre miljø for kvinner, ikkje berre i e-sport, men i gaming generelt, seier Ava Alexandra Ngo (18).
Ho trur det å sjå kvinner i e-sport eller på streaming kan hjelpe andre jenter med å tenke dette er noko for meg.
– Eg vil ha eit mindre hatefullt miljø for kvinner. Ofte er spel fullt av gutar som gøymer seg bak skjermen og hetsar jenter som speler, seier ho.
Støttar andre jenter
Ho opplever ofte kommentarar som: «Sjølvsagt har du valt den karakteren, du er ei jente», «Du er kjempedårleg fordi du er jente» eller «Er du eit lite barn eller ei jente?»
Spelemiljøa kan fort verte ein guteklubb, og difor vil Ngo gjerne støtte andre jenter.
– Kvar gong eg ser andre jenter i eit spel, snakkar eg meir med dei, hjelper dei til å gjere det bra, og kritiserer ikkje det dei gjer. Eg kan legge dei til i spelet for å spele meir med dei. Til slutt får vi ein større gjeng med jenter som kan støtte kvarandre, seier ho.
Ho meiner folk må skjøne at å spele ikkje er noko maskulint, sjølv om det lenge har vore rekna som ein gutehobby.
– Kva som helst kjønn kan vere god i spel. I sport kan menn vere fysisk sterkare enn kvinner, men spel har ikkje noko å gjere med kor fysisk sterk ein er. Jenter og gutar kan vere like flinke. Det spørst kva ein legg inn i spelet, kor mykje tid ein brukar og kva strategiar ein har, seier ho.
Møtest fysisk
I haust fekk Ngo e-sportstipendet til Vestland fylkeskommune. Stipendet er på 40 000 kroner. Juryen trekker fram at ho har ambisjonar for spelinga og at ho vil hjelpe fleire jenter og kvinner inn i e-sport.
– Ava Alexandra er seriøs, har langsiktige mål og viktige verdiar i botnen, skriv fylkeskommunen.
Ngo er del av Neverland Esports i Bergen, der ho speler spelet Valorant. Ho fortel at klubben møtest fysisk for å trene, både fordi klubben har mykje utstyr, men også for å bli van med å sitte ved sida av kvarandre når ein speler. Det er nemleg slik det er rigga i turneringar.
Klubben held til i Fysak-bygget i Åsane, der dei har over 20 gaming-pc-ar og andre spelkonsollar. Klubben har rommet for seg sjølv til faste tider i veka. Ngo set pris på å ha eit fysisk spelelokale.
– Det er mange unge som ikkje har pengar til eit eige gaming-setup. Det er bra at vi kan møte opp fysisk og bli betre kjende, ikkje berre over spelet, seier ho.
I klubben er fire av åtte medlemmer jenter.
– Det er veldig fint. Både gutane og jentene kjem med innspel og innsikt, og ein kan gi kommentarar til kvarandre utan at det kjenst som hets, seier ho.
Vil oppgradere pc-en
Ngo byrja å spele då ho var fem år, men ho tenkte aldri at ho kunne bli stor.
No, derimot, deltek ho i turneringar med klubben.
Og ettersom hobbyen veks, kjem stipendet frå fylkeskommunen godt med.
– Eg vil bruke halvparten av pengane på å oppgradere pc-en. Eg vil kjøpe litt meir enkelt utstyr. Og så likar eg å teikne digitalt, så eg vil dyrke den hobbyen ved sida av gaminga, seier ho.
Kulturendring
Mathias Jørgensen, styreleiar i Hyperion, fortel at organisasjonen har hatt mange samtalar om hets mot jenter i gaming.
– Det er framleis eit fokus for oss. Vi prøver å finne tiltak, men dette handlar i botn og grunn om ei kulturendring. Det er ganske seigt å endre på, seier han.
Jørgen understrekar at gaming skal vere trygt for alle, uavhengig av kjønn, kven du elskar eller korleis du ser ut.
– Viss du ikkje vil game, skal det vere fordi du ikkje er interessert, ikkje fordi du vert skyvd ut. Gaming har fantastiske fordelar. Ein får meistringskjensle, ein kan lære noko, og det er sosialt. Det skal alle få ta del av, seier han.
Alle må vere medvitne
Jørgensen meiner at eitt grep for å gjere gaming meir inkluderande, er å satse på fysiske møteplassar kor gutar og jenter kan site saman og spele, kor det er ansvarlege personar til stades som kan irettesette viss nokon kjem med stygge kommentarar.
Hyperion meiner særleg at det offentlege må ta ansvar for å ha støtteordningar og tilskot for slike sosiale gaming-aktivitetar.
I tillegg seier han at kvar einskilde spelar må vere medviten.
– Ein må sjølv tenke gjennom kva ein seier, korleis ein seier det, og korleis ein reagerer overfor andre på det som skjer i spelet. Alle som er med og gamar må også tore å ta ansvar for å seie ifrå når nokon seier noko som er ugreitt.
Han understreker at det ikkje er sånn at eit stort fleirtal av gutar kjem med hets og stygge kommentarar.
– Det er ein liten del som er verst. Men mange vil ha skuld i å sitte stille og sjå på, seier han.









