27-åring vert utanriksminister

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter årets val fortset dei største austerrikske partia Det austerrikske folkeparti (ÖVP) og Det sosialdemokratiske partiet (SPÖ) sitt regjeringssamarbeid, som har vart sidan 2006. Det vart klart den 12. desember.

LES OGSÅ: Sveits skal stemme over borgarløn

Tek over for partileiaren
Dagens store nyheit er at 27 år gamle Sebastian Kurz frå ÖVP tek over som utanriksminister etter partileiar Michael Spindelegger, som no vert finansminister. Det melder Reuters og andre internasjonale medier. 

Kurz har sidan 2011 vore statssekretær for integrering, men vil neste veke rykke opp i gradene.

Det er langt ifrå alle regjeringar som har så unge representantar. Dei fleste som får ministerpost er over 30 år. Her heime skapte Hadia Tajik overskrifter då ho i fjor vart kulturminister som 29-åring.

Same forbundskanslar
I Austerrike vil den sosialdemokratiske leiaren, Werner Faymann, fortsetje som forbundskanslar, medan leiaren for folkepartiet Michael Spindelegger, fortset som viseforbundskanslar.