Linda Eide til Vossa Jazz

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor feira Vossa Jazz 40-årsjubileum. På sine nettsider teller festivalen allereie ned til Vossa Jazz 2014, som finn stad 11.-13. april. Då kan deltakarane bli med vossingen Linda Eide på kulturtur.

LES OGSÅ: – Festivalar skapar stoltheit

Adventstradisjon
Det har etterkvart vorte ein tradisjon at musikkfestivalen slepp programmet sitt i ein adventskalender.

Til no har mellom anna jazzvokalist Solveig Slettahjell, folkemusikarane Benedicte Maurseth og Åsne Valland Nordli, jazzgruppa Come Shine og folkemusikarane i Sudan Dudan vorte avslørt.

Sist, men ikkje minst, vart det i dag avslørt at Linda Eide vil fungere som ein slags guide på kulturtur på Voss. Programleiaren for det populære NRK-programmet Norsk attraksjon, kan då få vise fram attraksjonar frå si eiga grend og fortelje kor viktig Voss er for absolutt all norsk kunst og kultur.

Kulturambassadør Eide sin tur under fjorårets var så populær at arrangørane har bestemt seg for å hente inn einmannsleksikonet atter ein gong. Både laurdag og sundag vil Eide dela av sin kunnskap og innsikt.

LES OGSÅ: Joggedress eller grilldress, Linda Eide? 

Målskryt
Eide, som har lang fartstid i NRK radio og tv, har fått mange prisar for sitt arbeid. Ho har vunne Gullruten for beste programleiar, Målprisen 2013 og Målungdommens dialektpris for å fremje Vossadialekta. I tillegg har ho vorte heidra som ein framragande sykkelentusiast.