Regissør Kajsa Næss fortel historia til born av innsette. Animasjonsdokumentaren Du velger selv fekk Kulturdepartementet sin menneskerettspris for kortfilm. 

Faktaboks

Tidlegare vinnarar:

• Mannen som elsket Haugesund (Jon Haukeland og Tore Vollan – 2003)

•  Bawke (Hisham Zaman – 2005)

•  Velkommen til Norge (Mona Bertheussen – 2009)

•  Imagining Emanuel (Thomas Østbye 2011)

Jury:

• Regissør Lisa Marie Gamlem (juryleiar)

• Regissør Iram Haq

• Mads Harlem frå Folkerettsseksjonen i Røde Kors

LES FAKTALUKK FAKTA

– Me er så opptekne av at born skal vere born, men så kjem dei i situasjonar der ein ventar at dei skal oppføre seg og reagere som ein vaksen, seier regissør Kajsa Næss, som har laga animasjonsdokumentaren Du velger selv.  

– Du kan ikkje vente av ein 8-åring at han skal halde hemmeleg at pappa sit i fengsel, eller ikkje vere sint,.

LES OGSÅ: Feirar 100 år med norsk animasjon

– Ei lita perle
Tysdag fekk filmskaparen Kulturdepartementet sin menneskerettspris for kortfilm utdelt av statssekretær Knut Olav Åmås under ein seremoni i Filmens Hus.

– Det er veldig bra at årets vinnar bringer eit vanskeleg og tabubelagt tema for fleire tusen barn fram i lyset, seier statssekretæren.

Prisen er på 50.000 kroner og går annakvart år til ein kortfilm som kunstnarisk eller dokumentarisk behandlar menneskerettsspørsmål på film, eller bidreg til å avdekkja brot på menneskerettane.

Av dei ni nominerte var juryen – leia av regissør Lisa Marie Gamlem – einig i at Du velger selv er ei lita perle.

I grunngjevinga for tildelinga vert det lagt vekt på at filmen løftar fram ei usynleggjort gruppe born på ein respektfull og god måte. Juryen meiner og at filmen snakkar til både vaksne og born, og berører både med form og innhald.

– Du løfta fram skamkjensla på ein fin måte, seier regissør og jurymedlem Iram Haq til prisvinnaren etter seremonien. 

Filmen er ein animasjonsdokumentar der filmskaparane har intervjua barn om å ha ein far i fengsel. Desse utgjer stemmene til dei animerte borna i filmen.

LES OGSÅ: Satsar på animasjon på Dovre

Saka fortset under biletet.


Bilete frå filmen der ei jente fortel om far sin i fengsel. Foto: Mikrofilm

Pappaar og fengselsbetjentar
– Dette er ikkje ein film berre for born, sjølv om det er animasjon. Eg vil at fedrane i fengsel, dei som jobbar i fengsel og dei som jobbar i barnehage skal sjå filmen, seier Næss, som har reist rundt på norske skular for å vise filmen.

Men Næss er ikkje den einaste som likar å vise fram filmen. Ho fortel at dei medverkande borna er veldig stolte av det dei har vore med å lage. Desse borna får sjølvsagt ein ekstra takk i talen.

Borna som er med i filmen er på sett og vis heldige. Dei har familiar som er opne om at pappa sit i fengsel, noko Næss trur er svært viktig. Likevel kjem det fram at dei gruar seg meir for å seie det til vaksne enn venene sine. Dei er redde for at born ikkje skal få lov å vere med dei.

– Det er viktig å avmytifisere dei som sit i fengsel, seier Næss, og peikar på at folk har fordommar mot både dei innsette og familiane deira.

Desse fordommane og skamkjensla er det folk rundt borna som påfører dei. Ei straff ikkje born skal bere.

– Borna tilpassar seg ikkje berre dei rundt. Dei passar på at far ikkje vert lei seg og mor ikkje vert sliten. Det er mykje ansvar å ta i ein situasjon dei har hamna i heilt uforskylt.

LES OGSÅ: Vil vere ei stemme for dei stemmelause

Usikre tal
Å ha ein far eller mor i fengsel er ein situasjon som både straffar og pregar heile familien. Ifølgje Næss er det truleg mellom 6.000 og 9.000 born som som har ein pappa i fengsel. Tala er ikkje sikre, sidan dei innsette ikkje vert spurd om dei har born.

Filmskaparen fekk først ideen til filmen gjennom ein ven som var engasjert i Røde Kors, der dei følgde barn med foreldre som ikkje var saman på vitjing i fengsel. Ho vart overraska over kor mange barn som hadde ein pappa i fengsel.

Filmskaparen har så vidt fått med seg justis- og beredskapsministerens forslag om å setje norske fangar i svenske fengsel. For nokon kan det bety enda lenger besøksveg. Det tykkjer filmskaparen er ein svært dårleg idé.

I tillegg til å løfte fram dei usynlege borna, og å gjere spesielt vaksne meir bevisste på at fengselsstraff rammar fleire enn dei innsette, har Næss ei anna viktig sak på hjarta.

– Eg håpar støtteordningane for film vil fortsetje òg i framtida, seier Næss.

For utan statleg støtte er det ikkje sikkert filmen hadde vorte til.

Sjå eit utdrag frå filmen i vindauga under.

Du velger selv – et klipp from Mikrofilm AS on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE