Kan vera éi av forklaringane på at elevane gjer det dårlegare, meiner forskar.

NPK-NTB
NPK-NTB

Mannlege lærarar gjer det dårlegare på forsvarets IQ-testar enn resten av befolkninga, noko som kan vere éi av forklaringane på at norske ungdommar gjer det dårlegare på kunnskapstestar, meiner professor Kjell Gunnar Salvanes.

– Når ein gir lærarar låg lønn, sparar det offentlege masse pengar. Men det skjer noko med rekrutteringa, seier Salvanes som er professor ved Norges Handelshøyskole til Dagens Næringsliv.

Salvanes heldt måndag eit innlegg på produktivitetsseminaret som Finansdepartementets rådgjevande utval for modell- og metodespørsmål arrangerte. Temaet til Salvanes var betydninga som kvaliteten på arbeidstakarane har på produktiviteten i økonomien.

Salvanes meiner kunnskapen i befolkninga er svekt dei siste åra, og at nedgangen starta lenge før PISA-målingane starta på begynnelsen av 2000-talet.

Både resultata av forsvarets IQ-testar, som måler forståing av aritmetikk, ordgjenkjenning og figurgjenkjenning, og internasjonale målingar av blant anna lesedugleik, viser at kunnskapane i befolkninga har falle sidan 1970-talet.

Salvanes meiner altså at éin av årsakene er at kvaliteten på lærarane har falle. Salvanes viser til at mennene som blir rekruttert til læraryrket, har scora stadig lågare på IQ-testane samanlikna med resten av den mannlege befolkninga. Sjølv om tilsvarande tal ikkje finst for kvinner, trur professoren at same tendens også gjeld for kvinnelege lærarar.

Andre moglege forklaringar på kompetansefallet hos norske ungdommar, kan ifølgje Salvanes vere at karakterar forsvann frå barneskulen på 1970-talet og at ein innførte «moderne matematikk», der mengdelære stod sentralt, på 1970-talet. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

ANNONSE