Hybelbuarane byter ut ferdigpizzaen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Byter ut ferdigpizzaen

– Det blei litt mykje ferdigpizza i fjor.

Det seier Jon Olav Svartdal. Flatdølen går andre året på den vidaregåande skulen på Dalen. Det er også andre året han bur for seg sjølv på hybel. Svartdal har vore ein av ti skuleelevar som har delteke på hybelmatkurset i regi av skulen.

– Eg ynskte tips til kva eg kan lage av hybelmat, i tillegg til å ha noko å gjera etter skuletid. Me har laga veldig mykje godt. Noko av det har eg tatt med meg og laga på hybelen, seier Svartdal.

Han er oppteken av å variere kosten i kjellarleilegheita.

– Eg har faktisk også laga salat nokre gonger, seier han med eit smil.

Han legg til at det i år er meir motiverande å lage mat. Kjøkenet er finare enn det var der han budde i fjor. Då var det berre ein liten enkel kjøkenbenk.

Sunt, godt og rimeleg
Mathias Saro frå Notodden går fyrste året på Vest-Telemark vidaregåande skule.

– Hybelmatkurset har vore eit veldig bra tiltak. Kosthaldet mitt var ikkje bra. No har eg lært å lage sunn, god og rimeleg middag som ikkje tek så lang tid, seier han, og legg til at han også har fått augo opp for grønsaker.

– Me har fått alle oppskriftene frå kurset så eg reknar med at eg skal klare å halde fram med eit sunt kosthald, trur Saro.

Olav Råmunddal frå Morgedal er også fyrste års hybelbuar på Dalen. Han er van med å lage mat heimanfrå.

– Det er moro å lage mat, meiner han, og legg til at kylling og ris er favoritten på hybelen.

LES OGSÅ: Finn festen hjå andre

Tyngande ribbeansvar
Torsdag var det siste samling på kjøkenet, og menyen var litt utanom det vanlege. Elevane inviterte rektor og administrativ leiar på full jolemiddag. Mathias Saro hadde ansvaret for ribba.

– Eg kjenner det tyngande ansvaret. Ribbe har eg aldri laga før, seier Saro med eit smil.

Men lærar Wenche Rønningen finn ingen grunnar til å tvile på trioen.

– Dei er så flinke att. Det blir god mat kvar gong, seier ho.

Vest-Telemark vidaregåande skule fekk 30 000 folkehelsekroner frå Telemark fylkeskommune til prosjektet. På hybelmatkurset har det totalt vore ti deltakarar. Vel to timar etter skuletid har dei vore samla på skulekjøkenet ni kveldar for å lage mat.

Fokuset har vore sunne matvanar med ferske råvarer.

– Hovudfokuset har vore at maten skal vera næringsrik, seier Rønningen, og legg til at frukt og grønt bør vera ein viktig del av eit hybelliv.

– Kosthald er veldig viktig for elevane. Det er viktig med alternativ til Grandiosa og hurtigmat, seier ho.

Rønningen trekkjer også fram at kurset er sosialt for elevane.

Les saka i VTB.no!