Trener med eit smil

Ungdomane er ikkje nøydd å vera knytt til ein idrett for å få ei god treningsøkt på Kaupanger.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er gøy å prøva noko nytt, i tillegg til at det er god trening, seier Monika Yndestad (10) i pausen mellom styrkeintervallane i gymsalen på Kaupanger Skule.

Stor interesse

Dei to jentene er med på allidrettstrening på Kaupanger, eit treningstilbod for dei mellom ti og 15 år der borna kan delta uavhengig om dei driv aktivt med anna idrett eller ikkje. Det er økter kvar onsdag, med fokus på grunntrening innan styrke og kondisjon.

Fysioterapeutane Jorunn Aa Albertsen og Kristine Mardal starta opplegget i januar, og gjekk på ein ny runde i haust. Dei håpte på mellom ti og 15 deltakarar, men har i staden hatt oppmøte på opp mot 50 ungdomar kvar gong.

– Det var behov for eit treningstilbod også til dei som ikkje driv med fotball, handball og ski. Difor valde me å starta dette, og her har me med begge deler – både dei som driv med andre idrettar aktivt og dei som ikkje gjer det, seier Albertsen.

Øktene varar i éin time, med oppvarming, styrketrening på stasjonar og springetrening på programmet.

Bra for helsa

– Dette er grunntrening som ikkje er spissa mot éin type idrett, og som alle har godt av. Alle treng i grunn å driva med litt grunntrening, både som del av eit anna treningsopplegg, føre-byggje skadar og for å få ei god helse. Denne forma for trening er eit helseførebyggjande tiltak, seier Mardal.

Dei to fysioterapeutane tilpassar treninga til dei som slit med ulike plager, og fortel at ungdomane er ivrige etter å læra å trena riktig.

– Kjem i form

Ein av dei unge deltakarane som set pris på opplegget er Elias Ramstad Bergseth (11).

Han likar å pusla med lego på fritida, og er førebels ikkje med på andre idrettar. Men kvar onsdag får han køyrt blodpumpa i gymsalen på Kaupanger.

– Det er kjekt å trimma. Eg likar å trena styrke, og har lyst til å koma i betre form, seier han.

Jentegjengen i årskullet under er samde:

Vurderer å utvida

– Me lærer korleis me skal trena, og øktene er morosame. Eit bra tilbod, seier Malin Nes (10).

Med større popularitet enn venta vurderer Albertsen og Mardal å utvida øktene framover.

– Det kan vera aktuelt å utvida med ein halvtime, eventuelt å dela opp i to grupper – sjølv om det er kjekkast at alle trenar samstundes. Me ser at det er eit kjempebehov for å ha dette tilbodet til ungdomen, seier Albertsen.

Les saka i Sogn Avis!