Horne meiner foreldre må ta meir ansvar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Foreldre må ta meir ansvar

Regjeringa er i full gong med å utarbeide ein ny handlingsplan mot radikalisering, og måndag var i alt elleve frivillige organisasjonar og miljø som er i kontakt med unge menneske, inviterte til eit dialogmøte med Horne for å lufte idear.

– Eg har fått veldig mange gode råd som eg skal ta med meg vidare, seier ministeren, etter å ha lytta i ein dryg time til innspela frå eit tjuetal representantar frå organisasjonar som Antirasistisk Senter, Islamsk Råd, Organisasjonen mot offentleg diskriminering og Ungdom mot rasisme.

Ho understrekar at ein må begynne med oppvekstmiljøet for å hindre at ungdommar vert radikaliserte.

– Foreldra må bry seg meir, både når det gjeld skulekvardagen og fritidsaktivitetar, seier Horne, som meiner at radikaliseringa allereie har gått for langt viss politiet må involverast.

– Vi må satse på førebygging, på kva vi kan gjere før ungdommane drar til Syria, seier ho.

LES OGSÅ:Ulike mål, like middel

Auka bekymring

Det er særleg dei mange rapportane den siste tida om unge som har reist til Syria for å kjempe saman med radikale islamistar, som har skapt bekymring i regjeringa.

– Dette er kanskje berre toppen av eit isfjell. Det er nok eit større problem enn vi har vore klar over, seier Horne.

– Meiner du at foreldra ikkje bryr seg nok?

– Det er mange som bryr seg, og det er veldig flott. Men vi er nøydde til å spele på lag med familiane, seier Horne til NTB.

– Vi må også fokusere på dei frustrasjonane som finst der ute blant ungdom, legg ho til.

I alt ni departement i tillegg til Statsministerens kontor har gått saman om å meisle ut den nye handlingsplanen mot radikalisering, som skal vere ferdig til våren. Den gamle planen går ut ved nyttår.

LES OGSÅ: Ekstremisme og utdanning

Meir konkret

Ministeren ønskjer ikkje å gå i detalj på kva for tiltak ho konkret ser for seg, men nemner fritidstilbod og lokale tilbod i kommunane som område ho vil sjå nærmare på. Ein måte å hindre at ungdommar føler seg ekskludert av storsamfunnet på, kan vere å byggje opp igjen ungdomsklubbtilbodet, seier ho.

– Det er i alle fall ikkje pengane det skal stå på, lovar ministeren.

Også statssekretærane Laila Bokhari frå Statsministerens kontor og Himanshu Gulati frå Justisdepartementet deltok på møtet måndag, som kom berre halvanna veke etter at justisminister Anders Anundsen kalla inn til radikaliseringskonferanse.

– Vi er alle bekymra for utviklinga. Det handlar om ungdommane våre og den felles framtida vår. Vi må ta dette på alvor, seier Bukhari til NTB.

Både Bukhari og Gulati meiner at handlingsplanen til den førre regjeringa, som blei lagt fram i 2010, har vore for lite konkret.

– Han er prega av gode hensikter, men få konkrete tiltak, seier Gulati til NTB. Han meiner det som først og fremst bør gjerast, er å gi politiet og PST nok ressursar. I tillegg ønskjer Gulati seg ein instans som bekymra foreldre, lærarar og venner kan vende seg til. (©NPK)

LES OGSÅ: PST slår alarm om risikostudentar

Kva trur du skal til for å førebyggja ekstremisme blant ungdom?