Finn rytmen i språket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter eit prosjektsemester der medievitskapsstudenten Børja var utplassert i Dagbladet fekk ho jobb som journalist i avisa. I sju år jobba ho i litteraturavdelinga i Dagbladet og var blant anna med på å bygge opp Diktkammeret i avisa. Eit hjartebarn som ho kallar det sjølv.

– Eg jobbar framleis med Diktkammeret, kvar månad kårar me den beste poeten i både Dikt- og ungdomsforumet Skolekammeret, og eg intervjuar poetane. Det er en baby som eg ikkje vil gi slepp på før eg må. At det vart jubileumsbok var utruleg stort. Det er ei fryd å jobbe med Helge Torvund som har skrive fantastiske leksjonar i korleis ein skriv og tenkjer og les dikt over mange år.

Ho er glad for at alle månadens poetar gjennom ti år fekk diktet sitt trykt i jubileumsboka. Ho gler seg også over at mange av poetane er blitt forfattarar, og meiner forumet difor har livets rett.

Hadde ingen forfattarplan

Sjølv vart ho også forfattar til slutt, og i dag arbeider ho med kommunikasjon ved Den Norske Opera og Ballett. Maria Børja debuterte med novellesamlinga Voksenting i 2010.

– Eg hadde ingen planar om å bli forfattar, men har alltid likt å skrive. Journalist var blant dei tinga eg ville bli då eg var mindre, og då eg hadde jobba som journalist i mange år, byrja skrivinga å utvikle seg i mindre rapporterande retning og vart til prosa. Og etter å ha gått frå kortprosa til noveller har eg no skrive min første roman.

Romanen NY BY skildrar opplevingane til ein ung, norsk student som reiser til New York. Arbeidet med romanen har også ført til at ho drøymer om fleire skriveopphald.

– Eg drøymer om å få fleire residencies. Eg fekk ein månad ved ein såkalla artist colony i New Hampshire i USA for eit par år sidan: ein månad i ei hytte i skogen, omgitt av andre hytter der kunstnarar frå alle disiplinar jobba med å skape.

Opplevingane i USA sette sine spor. Der møttest kunstnarane til felles frukost, sat og jobba konsentrert i kvar si hytte før dei fekk levert lunsjkurv på døra.

– Me trente, skreiv endå meir og møttest til felles middag det var lov å vere ‘spaced out’ eller hyperinspirert eller kva som helst. Det var der romanen NY BY verkeleg skaut fart. I år har eg ikkje eingong søkt, men no skal eg setje meg ned og skrive nokre søknadar igjen. Det er vanskeleg å kome med, men verdt innsatsen. Og heldigvis er det enkelte liknande stader i Skandinavia også, så ein kanskje slepp å bruke så mykje karbonenergi.

– Språket er utømmeleg

– Kva inspirerer deg?

– Språk, ein setning kan starte ein heil roman, slik det var med NY BY. Menneske, samtalane mellom menneske, kva som skil oss og kva som skjer i møter mellom oss. Eg blir og inspirert av kva andre drøymer om, det kan vere heilt andre ting enn kva eg drøymer om. Og eg likar tanken på kva som kunne ha skjedd dersom eg gjekk ned den gata, og ikkje den. Eller at eg sa ja der eg i røynda sa nei. Og så diktar eg vidare derifrå.

Forfattaren og journalisten meiner språket er utømmeleg. Ho lar seg inspirere av at ord og setningar kan byggast på uendeleg mange måtar, og at den språklege rytmen nesten kan oppstå av seg sjølv.

– Det er nesten som ein dans, meiner Maria.

– Det er eit av dei største kicka ved å skrive. Og jakta på den flyten der, som kjem når språket liksom skriv seg sjølv, den er ei stor drivkraft for å setje seg ned og byrje. Eg hentar og inspirasjon frå det talte språket: det flyktige i samtalar, og alle misforståingar som kan oppstå, men også ambisjonane og draumane som kan utvikle seg i ein god samtale.

Som forfattar meiner ho det betyr mykje å bli sett, ikkje minst for å unngå at boka blir tia i hel.

– Sjølvsagt er det kjekt å få gode meldingar, men det viktigaste er at meldingane er godt funderte, argumenterte, og god lesnad. Då kan dei gjerne også vere negative utan at eg tar det ille opp, då kan eg og lære noko av det. Verre er det med kritikarane som brukar meldingane for å posisjonere seg, hevde seg sjølv, gjerne med kjekkasironi for å vise kor velformulerte dei er. Diverre ser eg stadig slike, og det skuffar meg at redaksjonssjefane slepp dei til.

Kva rolle likar du best; journalist eller forfattar? 

– Eg likar veldig godt å jobbe saman med menneske, og det er ein av de fine tinga som journalist. Eg har og skjønt at eg har den vanlege journalistskaden at eg er utålmodig med å sjå resultat. Me er vane med å kome på trykk oftare enn forfattarar, og det er få ting som er  meir kjekt enn å sjå ei sak ein har jobba grundig med kome på trykk. På mange måtar liknar journalist – og forfattarollene. Dei aller fleste forfattarane gjer også mykje research, men journalistar kan ikkje dikte, noko som kanskje er det aller kjekkaste ved å vere forfattar.

– Kor er du om 10 år?

– Sei det! Eg håpar eg er inspirert. At eg skriv, forhåpentlegvis både fiksjon og journalistikk. Eg har også lyst til å lære meg radio, det er kanskje ei utfordring til meg sjølv. Og kanskje bur eg ved grensa til Marka?

LES OGSÅ: – Nye nynorskpoetar har noko å seia

Høgdepunktet

12. april 2008 klokka 20 opna Den Norske Opera og Ballett. Det var også Maria sitt høgdepunkt i karrieren.

– Det var eit høgdepunkt når kongen opna Operaen offisielt og eg sto i salen med ei nøye utvalde gruppe fotografar og solistar, barnekoret og salen byrja å synge kongesongen. Snakk om gåsehud og tårer og store kjensler, og så var eg på jobb.

Heile Operaen hadde jobba døgnet rundt i lang tid, Maria var ein av tre tidlegare journalistar som prøvde å dirigere eit særs nysgjerrig pressekorps.

– Kvifor Operaen?

– Eg var forelska i bygget, og måtte berre søkje då ein kollega tipsa meg om stillinga. Det var så kjekt at eg slutta i Dagbladet. Miljøet, med over femti ulike yrkesgrupper, er det beste arbeidsmiljøet eg kan tenkje meg. Det er fargerikt og kan bli heitt og heftig i blant, men det er scenekunsten alle lever for og jobbar fram mot. Når teppet går opp for premieren trur eg alle me som jobbar der er stolte.   

Kva betyr forventningane som dei rundt oss har? 

– På sitt beste tryggleik og motivasjon, det er godt å bli forventa noko av, og fint at nokon trur at ein kan gi noko og få til noko. På sitt verste kan forventningar vere strenge krav, som noko ein berre må innfri, sjølv om ein ikkje eigentleg orkar, meiner Maria.

Les saka i Magasinett!

Faktaboks