Reinssimler går rundt på Hardangervidda med fjernstyrte kamera og fotograferer kvarandre.

Torbjørn Gunhildgard, Hallingdølen
Torbjørn Gunhildgard, Hallingdølen

Villrein med GPS-sendar er ein velkjent forskingsmetode som har pågått i mange år. I dei fleste villreinområda går det dyr med radiosendar som viser ferdselsmønsteret og kvar dyra er til ei kvar tid.

– Pilotprosjekt
No er forskingsprosjektet til Norsk institutt for naturforvaltning (NINA) utvida med filming og fotografering. På Hardangervidda går det reinssimler med fotoapparat og videokamera rundt halsen og filmar og fotograferer kvarandre.

– Dette er eit pilotprosjekt som starta for to år sidan. Bilete og video av villreinen i flokk er forskingsmateriale som gir verdifull informasjon i villreinforvaltninga. Me får sjå korleis dyra oppfører seg under kalvinga, beiteval og når dei kryssar veg, seier NINA-forskar Olav Strand.

LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier

Fjernstyrt kamera
Hardangervidda er forsøksområde med villrein som fotografar. Under kalvinga i vår var fire simler utstyrt med foto- og videokamera. I sommar og haust vart kamera fjerna frå to av dyra.

No er det att to firbeinte «fotografar» på Hardangervidda.

Olav Strand opplyser at monteringa av kamera skjer etter same prinsippet og parallelt med GPS-merkinga.

– Korleis fungerer fotograferinga?

– Kamera er tidsinnstilte slik at ein til dømes kan filme og ta bilete kvart femte minutt, eller kvar halvtime.

– Kva med batterilading?

– Det er enorm batterikapasitet på kamera. Ny teknologi gjer at det ikkje er noko problem.

LES OGSÅ:Måtte sagast laus frå bukkekamp

Premiere på Rødberg
Villreinen som fotograf er lite kjent utanfor forskingsmiljøet. Under jegerkafeen på Rødberg torsdag kveld er det «premiere» for film- og fotoprosjektet på Hardangervidda. Der orienterer NINA-forskar Olav Strand om prosjektet og erfaringane så langt.

Strand opplyser filmprosjektet på Hardangervidda er eit samarbeidsprosjekt mellom NINA og Norsk villreinsenter på Skinnarbu. Der er det laga ei utstilling av bilete og videoar som villreinen sjølv har tatt.

– Det er spennande og interessante bilete, seier Strand.

Les saka i Hallingdølen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE