Norges Bondelag overdriv når dei seier at mjølkebønder vil tape 50.000 kroner årleg dersom ostetollen vert reversert, meiner landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp).

NPK-NTB-Hans Botnen Eide
NPK-NTB-Hans Botnen Eide

Norges Bondelag har anslått at ein gjennomsnittleg mjølkebonde i Noreg taper 50.000 kroner i året på ostetollen. I sitt svar på Venstres ti spørsmål om ostetollen seier Listhaug at dette er ei overdriving.

– På kort sikt er det ei overvurdering av effekten. Prisauken utgjer cirka 15.000 kroner for eit bruk med gjennomsnittskvote, skriv Listhaug.

Krone- eller prosenttoll
1. januar innførte regjeringa Stoltenberg prosenttoll på import av faste og halvfaste ostar til Noreg. Med unntak av 14 namngjevne sortar er tollsatsen på slike ostar no 277 prosent, i staden for 27,15 kroner per kilo.

– Før den nye ordninga var prisen på importert ost omtrent den same som norsk. Reverserer ein ostetollen, vil norsk matproduksjon tape delar i marknaden, seier generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag.

Bondelaget har tidlegare anslått at ein gjennomsnittleg mjølkebonde vil tape 50.000 kroner i året dersom ostetollen vert reversert. At Listhaug meiner tapet er lågare, er han ikkje bekymra over.

– Reknestykket er avhengig av kva for føresetnader ein legg til grunn. Det er ikkje overraskande at ho kjem fram til eit anna tal, men ho bekreftar at dette har store effektar for norske bønder, seier Skorge til NTB.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Venstre i nøkkelposisjon
Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet ønskjer å gå tilbake til kronetoll. Kristeleg Folkeparti ønskjer å behalde prosenttollen, medan Venstre er usikker. Venstre kan derfor bli avgjerande for om den nye tollen skal halde fram.

– Venstre sit med nøkkelen her. Dei har sagt i samarbeidserklæringa at dei skal sikre føreseielegheit for matproduksjonen i Noreg. Det er heilt opplagt at ostetollen er viktig i den samanhengen. Vi har store forventningar til at Venstre følger opp det dei sa i erklæringa, seier Skorge.

Partiet har sendt ti spørsmål om ostetollen til Listhaug, der dei blant anna spør om økonomiske effektar av tollen og om han bryt EØS-avtalen. (©NPK)

Les siste landbruksnytt her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

ANNONSE