Syklistar er skeptiske.

NPK-NTB
NPK-NTB

Regjeringa tek sikte på at folk kan køyre lovleg rundt på den elektroniske ståhjulingen Segway til våren neste år, opplyser statssekretær Bård Hoksrud (Frp) i Samferdselsdepartementet.

Statens vegvesen er no i gang med å lage forskrifter og reglar for den nye tohjulingen, skriv VG.

– Utgangspunktet vårt er at ein Segway skal verte behandla som ein sykkel i trafikken. Frå før har vi elektriske syklar som vert behandla på same måte. Dette vil gå greitt. Eg ser ikkje føre meg ein kø av rullande Segway-trafikantar på sykkelvegen mellom Sandvika og Oslo, seier Hoksrud.

Syklistenes Landsforening er usamd.

– Eg er skeptisk til å sleppe desse køyretøya til i trafikken, ikkje minst fordi den som står oppe på denne farkosten neppe har så god kontroll. Samtidig er sykkelvegar og sykkelfelt overfylt mange stader, seier generalsekretær Trond Berget i Syklistenes Landsforening. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

Kommentarar

ANNONSE