Visst har vi råd

Emil André Erstad
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi lever i ein verden der stadig menneske er på flukt. I følge FN sin høgkomissær for flyktningar har det ikkje vore fleire menneske på flukt sidan 1994, og berre dei siste fem åra har talet på asylsøkarar til Europa vakse med nesten hundretusen menneske. I dag kunne vi lese i Aftenposten at over åtti prosent av flyktningane oppheld seg i utviklingsland, sjølv om debatten her heime kan få oss til å tru noko heilt anna.

Seinast forrige veke vart den nokså kontroversielle Dag og Tid-journalisten Jon Hustad intervjua om mellom anna sitt syn på menneske som søker ei trygg hamn i Norge. Der seier han følgande:

«Skal vi ta den 3. verden først, så vil jeg stoppe det meste av innvandringen der ifra. Jeg vil ha asylleire i den 3. verden, og alle som kommer hit og søker om asyl, vil bli flydd dit – i alle fall de som ikke kan dokumentere hvem de er. Om de ikke samarbeider med norske myndigheter, så flyr vi deg til asylleire i Afrika. Så holder vi deg der til det er avklart hvem du er.»

Kvifor han vil gjere det, spør du kanskje? Svaret serverer han sjølv like etterpå. Minst like opprørande det første han seier.

«Den har kostet enormt med penger, og kommer til å koste oss enormt med penger. Da er det ikke så interessant for meg om diskusjonen som går på moralsk forpliktelse og så videre. Hvis økonomien i et prosjekt ikke er holdbart, så bryter moralen i det uansett sammen. Folk kan gjerne si at vi skal være snille og ta imot enda flere. Men hva så? Til slutt må vi ta imot atskillig færre, fordi vi ikke har penger igjen – og ressurser igjen. Jeg er utrolig opptatt av ressurser. Hvis det ikke finnes ressurser i en politikk over tid, så vil den politikken bryte sammen og forsvinne.»

Det er så mykje å sei om dei to avsnitta eg har sitert ovanfor at eg nesten ikkje veit kvar eg skal starte. Det mest overraskande er at over 4500 personar har trykt på «Anbefal»-knappen og delt det i sine Facebook-profilar. Det fortel oss at kampen for at Norge skal vise solidaritet og nestekjærleik er ein kamp vi må kjempe kvar einaste dag. Viss vi meiner at alle menneske har eit ukrenkeleg menneskeverd i kraft av å vere menneske – uansett kvar dei bur i verda – så har vi ikkje noko anna val enn å handle.

Når det gjeld det Hustad seier, så heng det berre på greip viss ein meiner at pengar er den fremste målestokken for all politikk. Det kostar jo pengar å ta i mot menneske som fluktar frå krig og undertrykking. Det kostar jo pengar å busetje traumatiserte menneske i eit framandt land og gje dei helsehjelp, utdanning og jobbar. Men viss vi meiner at orda nestekjærleik og solidaritet skal fyllast med eit faktisk innhald og vere ein verdi vi måler politikken vår etter, må vi også opptre som om vi meiner det. Då kan vi ikkje la dei som er utsett for dei mest grusome ting vere i stikken.

Når vi veit at dei fleste menneske på flukt vert tatt i mot i fattige land, skulle det berre mangle at eit av dei landa i verda som har trukke vinnarloddet på dei fleste områder også tar ein større del av ansvaret. Ja, det kostar pengar å ta i mot menneske på flukt. Men visst har Norge råd til det.