Frå ugras i Fusa til delikatesse i Berlin

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bruker 500.000 løvetannblomar

Til mengda med sirup som ho tek med til Grüne Woche i Berlin treng ho 500.000 løvetannblomster.

Meir enn ugras

Oppskriften på sirupen har ho kome fram til sjølv, etter at ho vart inspirert av ei gammal oppskrift ho fann for løvetannvin, og eksperimenterte i nokre år.

Løvetannblomane som trengst til sirupen vart plukka i Fusa i vår og sommar, og for ein gongs skuld er ugraset meir enn berre eit irritasjonsmoment.

No er Stadaas klar til å dela smaker og visa Eikhaugen Gjestegard fram som eit attraktivt reisemål i Berlin, saman med dei andre aktørane frå Fjord Norge, deriblant Haaheim Gaard.

«Vestlandet sin lønnesirup»

Stadaas ser fram til å dela «Vestlandet sin lønnesirup» med dei som vitjar Grüne Woche.

Der kan folk smaka løvetannsirupen i lag med vilt og hjortekarbonader.

– På hjorteburgaren vår brukar me løvetannsirup i staden for ketchup, og det er veldig godt. Me har selt fleire tusen slike burgarar og folk kjem attende og vil ha meir, fortel Stadaas.

Sirupen passar og til ovnsbakt laks, med salt og pepper og ei lita skei løvetannsirup til å framheva og spissa smaken.

Spesialiteten frå Fusa vert og brukt på lappar.

– Det er grunnen til at eg kallar det «Vestlandet sin lønnesirup», forklarar Stadaas.

Les saka i Bladet Tysnes!