Fotograf med subjektivt objektiv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No stiller han ut landskapsfotografia han har tatt i Noreg dei siste åra.

Utstillinga Narcissus opna i Fotografiens Hus i Oslo i slutten av november og skal stå der til 5. januar. Tidlegare i år kom biletsamlinga i bokform på det tyske forlaget Hatje Cantz Verlag. Boka rommar nærare 150 fotografi, mens utstillinga presenterer eit mindre utval i stort format.

Stuart Franklin (57) har tatt mange bilete i sitt liv, men er mest kjent for eitt pressefoto som har vorte eit historisk ikon: mannen som sperra vegen for panservognene på Himmelfredsplassen i Beijing under studentopprøret i byen i 1989.

– Biletet mitt var vel eitt av to– tre ulike versjonar av det same motivet, men eg synest nok mitt er det beste av dei. Det er noko med røyken bak ei av panservognene, og det har ein viss styrke i komposisjonen, seier den erfarne pressefotografen. Det var også hans bilete magasinet Life plukka ut til boka «100 Photos that Changed the World» i 2003.

Vendepunkt
Sjølv om Franklin i 1989 allereie var godt etablert som fotograf i det no nedlagde pressebyrået Sygma i Paris og medlem av fotografkooperativet Magnum, vart fotografiet eit vendepunkt i karrieren.

– Ja, det betydde ganske mykje, om eg skal vere ærleg. Namnet mitt kom meir fram, og det førte til at Tom Kennedy, leiaren for fotoavdelinga i National Geographic, inviterte meg til å fotografere for dei. Det var ein sjanse eg kanskje ikkje hadde fått elles, fortel Franklin.

Dei neste 15 åra laga han ei lang rad fotoreportasjar for det prestisjetunge bladet National Geographic, mellom anna frå Noreg. Men det var eit nytt vendepunkt i livet, ei skilsmisse, som var bakgrunnen da han i 2009 kjøpte seg ei hytte på Otterøya i Midsund på Nordmøre.

– I 2009 hadde eg vore leiar i Magnum i tre år, eg var midt oppe i ei skilsmisse og mangla ein stad å bu, og eg hadde behov for avstand og rom til å tenkje, seier han om det han eit lite glimt i auget kallar sin mørke periode.

Biltur i Romsdalen

I denne mørke perioden kom han til fotofestivalen Northern Lights i Kristiansund for å halde foredrag, og der, fortel han, tok ein snill kar han med på biltur for å vise han Møre og Romsdal.

– Vakre Noreg. Det var som å komme til himmelen nesten. Folk var så hyggelege, og det var så vakkert. Dette var i mai, og bakkane var grøne, lauva grøne, og trea stod i blomster. Det var akkurat det eg trong: ein triveleg stad, fortel Franklin.

– Eg bestemte meg for å finne meg ei hytte i Noreg og vere der ei tid, berre for å tenkje. Og slik vart det. Eg likte folka eg møtte, og eg likte landskapet og friluftslivet. Det var eit fullkomme liv på ein måte, seier fotografen.

– Og så vart eg veldig inspirert til å fotografere.

Men det var ikkje dei fargesprakande National Geographic-bileta av vestlandsnaturen Stuart Franklin vart inspirert til å ta. Narcissus-samlinga er i svart-kvitt og meir introvert. Handlar landskapsfotografi eigentleg om oss sjølve? spør Franklin i presentasjonen sin av utstillinga.

 

Foto: Hallvard Østrem/ NPK

Indre landskap
– Det er to måtar å nærme seg landskapsfotografi på, forklarer han.

– Den eine går ut på å tekkjast folk, altså å lage bilete som ein oppdragsgivar blir fornøgd med. Den andre føreset at du ikkje treng å tekkjast nokon. Da handlar det meir om kva eg finn attraktivt i eit landskap: Kva synest eg er interessant ved det, og kvifor?

– Da eg byrja å sjå det på denne andre måten, såg eg at det som tiltrekte meg i landskapa – enten det var former eller stader – gav gjenklang i hukommelsen. Det slo meg at det eg såg, og det eg synest var interessant, hadde meir med meg å gjere enn med landskapet i og for seg. Det hadde meir med min reaksjon å gjere, seier Franklin.

– Eg trur det er tale om meir av ein psykologisk søken enn ein biletleg. Freud såg alltid fotografiet som ein funksjon av hukommelsen snarare enn synet, forklarer han.

FOTO: Stuart Franklin / Magnum Photos

Poetiske forbilde

Da Franklin byrja å arbeide som fotograf på 1970-talet, var franskmannen Henri Cartier-Bresson det store forbildet saman med dokumentarfotografar som Sergio Larrain og Josef Koudelka. Den inspirasjonen har Franklin framleis med seg, også når han arbeider med natur og landskap som motiv.

– Absolutt. Dei laga romleg poesi med fotografia sine. Det var svært inspirerande for meg. Når eg ser bileta til Henri og til Sergio Larrain, ser eg berre fotografisk poesi, og eg har alltid hatt lyst til å arbeide på den måten, seier han.

Den britiske fotografen er ikkje ferdig med Noreg med dette. Eit nytt fotoprosjekt i Møre og Romsdal ventar, og over nyttår skal han i eit par månaders tid vere gjestelærar i dokumentarfoto på medielinja ved Høgskulen i Volda.

– Det gler eg meg veldig til, seier Magnum-fotografen med hytte på Vestlandet. (©NPK)

«Dark Cloth» I. FOTO: Stuart Franklin / Magnum Photos