Vil verna pinnekjøtet

Heile 76 prosent av vestlendingane ynskjer at det tradisjonelle pinnekjøttet vert verna som ein nasjonal matskatt – på line med parmaskinke.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det beste me har er verd å verna, det har vestlendingar forstått, pinnekjøttet har jo lang tradisjon på Vestlandet, så her ser folk verkeleg verdien i å ta vare på ein nasjonal matskatt, seier Sundqvist.

– Pinnekjøttet står sterkt i heile landet. Særleg artig at det er dei yngste og dei eldste forbrukarane som går føre. Gjev me pinnekjøttet det vernet det fortener som ein nasjonal matskatt hindra me juks, kopiering og snarvegar i turke- og røykeprosessen, og me sikrar at det vert laga på norsk lam, seier adm.dir Nina Sundqvist i Matmerk.

Oppmodar produsentar og styremsakter om å gå føre
– I dag et heile 33 prosent anten røykt eller urøykt pinnekjøtt på julaftan medan 15 prosent nyt pinnekjøtt på nyttårsaftan. Nordmenn, både unge og gamle, vert stadig stoltare av den norske maten. Då bør pinnekjøttprodusentane og styresmaktene gå føre og bana veg for å verna endå ein nasjonal matskatt. Det kan ein gjera gjennom å starta prosessen med å gje pinnekjøttet ein "Beskyttet Betegnelse", ei offentleg merkeordning som sikrar at norske matskattar får det vernet og den anerkjenninga dei treng. I dag er det 23 norske produkt som har "beskyttet betegnelse". Pinnekjøttet kan godt verta den 24., avsluttar Sundqvist med sterkt engasjement.

Pinnekjøttet har mange navn: julesteik, ribbesteik, pinnesteik, smaleribbe, fåreribbe, damparibbe eller saueribbe. Retten har sine røter i det gamle norske bondesamfunnet der salta og turka kjøt var ein viktig del av kosthaldet. Status som fest- og jolemat har samanheng med at kjøtet har høgt feittinnhald og var dermed attraktivt. Når saueribbene vart salta og turka, og ikkje ete ferskt som svineribbe, var det ein konsekvens av naturleg tilgang på fôr og slaktetid.

Undersøkinga vart utførd av Ipsos MMI, i månadskiftet mai/juni som telefonintervju i eit representativt utval av folket over 15 år.

Les saka i Avisa Hordaland!