Marknadsverdien på Statens pensjonsfond utland, betre kjent som oljefondet, passerte måndag 5.000 milliardar kroner.

NPK-NTB
NPK-NTB

Det skjer 17 år etter at dei første to milliardane frå Finansdepartementet blei skotne inn i 1996.

Marknadsverdien av oljefondet svarar til 818 milliardar dollar. Fondet passerte 2.000 milliardar kroner i oktober 2007 og nådde 3.000 milliardar kroner tre år seinare. 4.000 milliardar kroner blei passert i februar i år, melder Noregs Bank.

Verdien på investeringane i fondet har auka kraftig det siste året, frå 3.816 milliardar kroner ved utgangen av 2012 til 5.000 milliardar kroner i dag.

LES OGSÅ: – Oljeinntektene stuper dei neste åra

Ei endring i kronekursen den siste tida er årsaka til at fondet passerte 5.000 milliardar kroner-grensa raskare enn venta.

Forvaltninga av fondet har skapt store meirverdiar utover overføringane frå Finansdepartementet. Ein tredel av marknadsverdien til fondet per i dag er avkastning på investeringane fondet har gjort.

LES OGSÅ: SSB: – Norske born er lønsame

Marknadsverdien blir bestemt av størrelsen på kapitaltilførselen, avkastninga til fondet og endringar i kronekursen.

Ved utgangen av tredje kvartal 2013 var fondet investert med 63,6 prosent i aksjar, 35,5 prosent i rentepapir og 0,9 prosent i eigedom. (©NPK)

Les fleire saker om samfunnsøkonomi her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE