Hellbillies er inne i den siste veka med Moslåtten på scena. Vokalist Aslag Haugen tykkjer det er vemodig.

Tone Merete Tho, Hallingdølen
Tone Merete Tho, Hallingdølen

Det er ingen umiddelbare planar om å erstatte livemusikaren Arne Moslåtten i Hellbillies. Vokalist Aslag Haugen går laurdag 7. desember på scena med tekstforfattarkollegaen for aller siste gong.

– Du tenkjer ikkje på det mens du står og spelar, men rett etter me er ferdige vil me nok kjenne på det, seier Haugen.

Vokalisten fortel at det blir gjort opptak av alle konsertar, og at dei leikar med tanken om eit livealbum til våren som ei oppsummering sidan Moslåtten no går av scenen.

Ny musikk på gang
Hellbillies tek spelepause fram til sommaren, og har tid til å tenkje seg om.

Aslag Haugen skal bruke vinteren til å skrive ny musikk, og lovar at Moslåtten ikkje skal bli arbeidsledig. Hellbillies-fans kan dermed puste letta ut, for Moslåtten skal framleis stå for tekstene.

– Eg skal syte for at han ikkje blir sitjande og kjede seg, humrar Haugen.

Populære tekster
«Den finast eg veit» er ein av dei mest populære tekstane Moslåtten har skrive.

– Det er ein veldig direkte tekst, mens han har ein god del andre der det er meir biletbruk og fleire lag. Mange av tekstane hans er veldig, veldig gode, meiner Haugen, som trekkjer fram teksten «Den redde» og låtane på albuma «Spissrotgang» og «Leite etter lykka» som spesielt vellykka.

LES OGSÅ: Meir popmusikk på norsk

Hektisk turnéliv
Det vil merkast at Moslåtten ikkje er med på scena.

– Han spelar fløyte, trekkspel og ikkje minst perkusjon som det har blitt meir av dei siste åra. Arne er ein potet som kan brukast til mykje, så me mistar den dimensjonen.

Hellbillieskollegaen har likevel full forståing for at Moslåtten er sliten av turnélivet.

– Skal ein drive med dette på heiltid, kjem ein ikkje unna reisebiten. For min del og dei andre i bandet går det veldig greitt enno, men eg ser at på eit tidspunkt må det ha ein ende, seier Haugen som saman med kollegaene kan notere seg rundt 70 konsertar i 2013. Det er fleire enn på mange år. Slik musikkbransjen har utvikla seg blir turneringa stadig meir viktig, for det er der ein tener pengar.

LES OGSÅ: Hellbillies viser spennet – og saknet

Avsluttar på heimebane
Aslag Haugen reknar med at det blir ein spesiell konsert i Storefjellhallen neste laurdag. At avslutningskonserten vart lagt til Hallingdal var meir tilfeldig.

– Me syr ikkje saman den biten sjølve, men det var fleire alternativ og me enda på Storefjell.

Haugen er stolt av at dei har med seg amerikanaren Rob Hajacos på fele på desse seks siste konsertane i år.

Les saka i Hallingdølen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

ANNONSE