FNs klimapanel finn ingen prov for auka syklonaktivitet på grunn av menneskeskapte klimaendringar. Likevel hevdar svært mange at FN gjer nettopp det.

Jon Hustad, Dag og Tid
Jon Hustad, Dag og Tid

KOMMENTAR: Supertyfonen Haiyan herja massivt over store område av Filippinane i byrjinga av førre månad. Ein del kan tyda på at syklonen var den kraftigaste som har råka noko tett folkesett område på rundt hundre år. Minst 4000 menneske skal vera døde og meir enn 12.000 skadde.

Dette er gale, frykteleg gale, og det verste er at det ser ut til å vera vi i Vesten som har løyst ut kata-strofen, i det minste om ein skal tru på norske medium og norske politikarar. For som så ofte før vert skulda lagd på dei menneskeskapte klimaendringane. Vi slepper ut altfor, altfor mykje CO2, og som ein av dei store produsentane i verda av petroleum ber vi visst eit ekstra tungt ansvar.

«Det er full dekning for å si at norsk oljepolitikk og en norsk velferd som primært baserer seg på fortsatt langvarig og høy oljevirk-somhet, er en helt direkte årsak til den typen forferdelige lidelser folk på Filippinane nå blir utsatt for», sa Rasmus Hanson frå Miljø-partiet Dei Grøne til NTB, som for eiga rekning la til: «I september anslo FNs klimapanel (IPCC) at det er minst 95 prosent sannsynlig at menneske-skapte utslipp av klimagasser er hovedårsaken til den globale oppvarmingen som er målt siden 1950-tallet.»

Heikki Holmås frå Sosialistisk Venstreparti var ikkje mindre klår: «Norsk olje tar liv på Filippinene», sa han til Dagbladet. «Bildene fra Filippinene og historiene fra menneskene der burde få oss til å ta alvoret med klimaendringene innover oss. Folk dør. Da må vi på et tidspunkt se oss i speilet og si at vi er en del av problemet.» Eller som Hansson sa det: «Det er en direkte sammenheng mellom norske statsbudsjetter og en klimautvikling som vil føre til stadig flere katastrofer lik den Filippinane gjennomgår.»

Gje oss pengar!

Men nordmenn var ikkje åleine om å reagera, ei rekkje politikarar frå den tredje verda bad Vesten straks om massive overføring–ar på grunn av lidingane som syklonar påfører og vil påføra fattige land. Under klimatinging-ane i Warszawa trygla leiaren for den filippinske delegasjonen, Yeb Sano, Vesten om å skjerpa seg: «Ødeleggelsene er kolossale. Og som om det ikke er nok, brygger det nå opp til en ny storm i det vestlige Stillehavet. Jeg gyser av tanken på nok en tyfon som treffer de samme områdene hvor beboerne ennå ikke har kommet seg på beina. Til alle som fortsatt fornekter den virkeligheten som er klimaendringer, utfordrer jeg dere: Kom dere ned fra elfenbens-tårnet og ut av komforten i lenestolen», skreiv han på heimesida til det norske Naturvernforbundet i Eivind Trædals omsetjing.

Men er menneskeskapte klimaendringar det same som vêrendringar? Vert det meir og sterkare vind av di temperaturen går opp? Og i så tilfelle, kvar er prova eller i det minste indisia for dette? Stort sett alle som er urolege for klimaendringane, plar visa til FNs klimapanel når dei talar om slikt som tyfonar og orkanar. Men då vert spørsmålet: Kva seier Klimapanelet om tyfonar og orkanar? Ein god del i kapittel to i den siste store rapporten frå i år, og FN seier noko heilt anna enn Hansson, NTB, Holmås og Naturvernfornbundet:

«Noverande datasett indikerer ikkje at det har vore nokon signifikante endra trendar i den globale tropiske syklonfrekvensen gjennom dei seinaste hundre åra.»

Heller ikkje lokale endringar

At det ikkje har vore endringar globalt eller i tropane, tyder ikkje at det ikkje kan ha vore endring–ar i meir avgrensa område, som i Atlanterhavet. Men heller ikkje her finn FNs klimapanel noko som tyder på at dei menneskeskapte klimaendringane vi alt har sett, har endra syklon- eller orkanmønstret: «Ingen robuste endringar i trendane for dei årlege tropiske storm-, orkan- eller større orkanteljingane har vorte identifiserte i den nordlege delen av Atlanterhavet dei seinaste hundre åra.» FN konkluderer sjølv: «For å summera opp, denne vurderinga reviderer ikkje konklusjonen om at det må knytast liten tillit til rapportar som påstår at det finst robuste funn som vitnar om auka syklonaktivitet over lang tid (hundre år).»

Faktisk viser dei mest robuste funna at trendane er det motsette av oppgang; dei syner ein viss nedgang, både i Stillehavet og i Atlanterhavet. Roger Pielke jr. er professor i miljøøkonomi ved universitetet i Boulder, Colorado, og han har sett seg lei på det han meiner er stadig misbruk av FNs klimapanel, og på bloggen sin legg han ut grafar og oppsummerer den seinaste klimaforskinga. Figurane hans, som byggjer på dei resultata FN byggjer på, viser ein lett fallande trend, både om ein måler i femti år eller i hundre år.

Folketalsvekst, ikkje klimaendringar

Påstandane hans vert underbygde av den siste rapporten til FNs klimapanel som kom i oktober, «Climate Change 2013. The Physical Science Basis». Der vert det funne få prov på at større endringar i turke, farlege vindar og flaum har vorte meir frekvente i takt med klimaendring-ane. Og i fjor, i sin spesialrapport, sa Klimapanelet dette: «Dei lange trendane for økonomisk skade grunna katastrofar justert for velstands- og folketalsvekst har ikkje vorte tillagde klimaend-ring-ar.» Med andre ord: Jamvel om ein finn at det vert fleire katastrofar, så har ein ikkje data for at desse kjem av klimaendringar. Litt enkelt sagt: Tyfonen Haiyan hadde ikkje vore ein stor katastrofe å tala om for berre få tiår sidan då det budde langt færre folk i det området der Haiyan herja.

Og det er her ein ofte trakkar feil. Det er til dømes liten tvil om at Florida har opplevt og vil oppleva flaum, vind og ei rekkje naturkatastrofar. Men slike fekk ikkje menneskelege konsekvensar før, enkelt og greitt av di det ikkje budde menneske der. Og i takt med at vi vert stadig fleire og får stadig høgre velstand, vil konsekvensane av naturkatastrofar verta større og større for stadig fleire. Men det i sin tur tyder ikkje at desse kjem på grunn av klimaendringar, og det tyder heller ikkje at vi per definisjon må få fleire og fleire menneskeskapte naturkatastrofar. Eller som klimaforskaren Gavin Schmidt ved NASA Goddard Institute for Space Studies sa det i sumar: «Det er ei populær oppfatning der ute om at alt ekstremt berre må auka på heile tida, men om ein berre tek seg tid til å tenkja i ti sekund, forstår ein at dette er vrøvl.»

Førebyggjande tiltak

Så kva bør så Vesten gjera med det faktum at vi har gjeve og gjev vårt tilskot til klimaendringar? Vi bør sjølvsagt få ned utsleppa og forska fram andre energiløy-sing-ar for slik å hindra ukontrollerte endringar, seier til dømes Bjørn Lomborg, den danske statsvitaren som har vorte illgjeten av di han hevar at Vesten prioriterer feil i klimapolitikken sin, og at klimaendringar både kan vera gode og dårlege jamvel om dei «over tid vil vera mest negative». Han har gong etter gong sagt at den vestlege klimahjelpa bør gå til dei fattigaste landa der klima-endringane vil råka hardast, som i hovudsak er turke-utsette område av Afrika. Men den klima-hjelpa som vert gjeven, går ikkje til desse områda.

Frå 2010 til 2012 fekk den tredje verda 35 milliardar dollar på grunnlag av klimaendring-ar, 27 milliardar kom frå berre fem land: Tyskland, Japan, Storbritannia, USA og Noreg. Den store delen gjekk til å skapa rein energi eller klimakvotar. Berre fem milliardar dollar gjekk til prosjekt som kunne førebu landa til framtidig turke og varmebylgjer. Noreg, til dømes, gav 1 milliard til tiltak mot avskoging i område der det knapt bur menneske.

Lomborg seier det slik: «Alle talar om at vi må hjelpa utviklingsland til å handtera konsekvensane av katastrofalt vêr. Men det meste av klimahjelpa vert nytta på ting som ikkje vil hjelpa. Det var elles ein merkeleg idé at vi skulle hjelpa særleg mykje til ved klimarelaterte katastrofar (om du treng hjelp etter ein orkan, vil du få meir enn etter eit jordskjelv), særleg sidan dei fleste eller alle dei noverande orkanane ikkje har noko med klimaendring-ar å gjera.»

Og når det er sagt: Jamvel om Klimapanelet finn få eller ingen indisium på at vi har fått meir katastrofalt vêr, tyder ikkje det at vi ikkje kan få det i framtida.

Klimapanelet trur at frekvensen på orkanar anten vil vera den same eller gå litt ned, men at den gjennomsnittlege styrken kan gå litt opp.

Les saka i Dag og Tid!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

ANNONSE