– Må gjera musikarar til gründerar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste åra er det kunngjort rundt 40 stillingar kvart år i norske symfoniorkester, viser eit oversyn frå Barratt Due. Stadig fleire av stillingane blir kapra av utanlandske musikarar. Av dei 23 musikarane som er tilsett i Oslo-Filharmonien dei siste fem åra, er 12 norske.

– Utanlandsk konkurranse er sunt, den skjerpar oss. Men sjølv om alle orkesterjobbar gjekk til nordmenn, er det ikkje nok til alle. Musikkutdanninga har vore for snever, me har vore for opptekne av orkesterjobbane. Med denne tøffe konkurransen, må me sørgja for at studentane får fleire bein å stå på, seier Ole Eirik Ree, seksjonsleiar og førsteamanuensis i cello ved Barratt Due til Newswire.

Barratt Due er den første høgare musikkutdanningsinstitusjonen i Noreg som har entreprenørskap som eit viktig satsingsområde, sjølv om òg andre har det på studieplanen.

– Studentane må læra seg å navigera i samfunnet som sjølvstendig næringsdrivande, elles vil dei ikkje overleve som kunstnarar. No er nesten ti prosent av dei fire åra på studiet vigd til entreprenørskap, det vil seia økonomi, marknadsføring, samfunnsansvar og festivalleiing, seier Ree.

LES OGSÅ: Skal auka verdiskapinga

Grundig vurdering
Ei internasjonal ekspertgruppe skal no evaluera den høgare musikkutdanninga i Noreg.

– Komiteen skal blant anna vurdere utdanningstilbodet i tilhøve til dagens og framtidas arbeidsmarknad, seier Kjetil Solvik til Newswire. Han er sekretær i Rådet for utøvande musikkutdanning, som har nedsett komiteen.

Spørsmålet er om den høgare musikkutdanninga er organisert på ein rett måte.

– Me har sju høgare musikkutdanningar i Noreg, og alle gjev eit svært breitt tilbod. Alle har eit tilbod på obo og fagott, sjølv om det for dei fleste går tre-fire år mellom kvar gong dei har ein søkar.

Er det fornuftig å oppretthalde eit slikt tilbod, og korleis blir fagmiljøet rundt den eine personen, spør Solvik.

– Eit anna døme er at om lag 20 prosent av studieplassane går til songarar, altså at dei har song som hovudinstrument. Er det verkeleg ein avspegling av den arbeidsmarknaden treng?

I haust blir det gjennomført ei stor kartlegging av kva slags arbeid studentane får etter ferdig utdanning. Seks avgangskull frå alle dei sju musikkutdanningane blir spurt om slags type arbeid dei har og korleis dei vurderer den utdanninga dei har fått.

LES OGSÅ:Rekordmange startar eiga bedrift

Må unngå smell
Mange av Noregs fremste og mest kjende musikarar har fått utdanninga si ved Barratt Due. Men ikkje alle kan bli stjerner.

– Me har tatt temperaturen på det profesjonelle musikklivet og spurt aktive musikarar på høgt nivå kva dei gjer for å overleva, og kva som kanskje mangla i utdanninga då dei studerte. Tilbakemeldinga viser at entreprenørskap bør bli ein sjølvsagd del av utdanninga, seier Ole Eirik Ree.

Han fortel om musikarar som i ekstreme tilfelle har fått 200.000 i restskatt første året som sjølvstendig næringsdrivande fordi dei ikkje visste noko om skatt og ikkje var seg medvite å utarbeida ein forretningsplan for seg sjølv.

– Sjølvsagt kjem kunsten først, men slik kunnskap er jo ein heilt essensiell del av å utøva yrket sitt, og utdanninga må sørgja for at folk ikkje får slike smellar, seier Ole Eirik Ree.

Les meir om yrkesval her!