NHO ventar kraftig oppbremsing
Forbrukarane rustar seg for dårlegare tider, ifølgje Finans Norge. Dei tidene kjem, stadfestar NHO. Og vondt blir verre av at hushalda heller vil spare enn å bruke.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ventar kraftig oppbremsing
To store undersøkingar som vart presenterte tysdag, stadfestar no dei same tydelege tendensane: den norske økonomien går mot ei kraftig oppbremsing, driven av redusert privat forbruk og etterspørsel, vedvarande fall i bustadprisane og lågare aktivitet hos dei største norske leverandørane i petroleumsindustrien.
Det betyr at det neste året blir det tyngste for bedriftene i Noreg på fem år, viss NHO-prognosane for 2014 slår til. Finansnæringsorganisasjonen Finans Norge (FNO) må så langt tilbake som til 1994 for å finne meir varsame forbrukarar.
I forventningsbarometeret til Finans Norge svarer dei aller fleste av oss at dei vil betale ned gjeld, eller setje pengar til side på andre måtar, framfor å bruke dei på reiser, oppussing og brune- og kvitevarer.
– Med dei lågare forventningane følgjer ein rekordhøg sparevilje. Forbrukarane tilpassar seg dei økonomiske forventningane. Dei er i ein sterk økonomisk situasjon sjølve og bruker dette høvet til å forsterke dei økonomiske bufferane sine mens dei ventar på dårlegare tider, seier administrerande direktør Idar Kreutzer i Finans Norge til NTB.
Gå til temasidene våre for privatøkonomi!
NHO ventar bråstopp
Blant dei over 2.000 medlemsbedriftene i NHO har biletet om mogleg vorte enda dystrare enn da den førre kvartalsrapporten om konjunkturforventningane vart lagt fram. Det ligg an til ei kraftig oppbremsing i den norske økonomien, konkluderte avdelingsdirektør Dag Aarnes under pressekonferansen der rapporten vart presentert.
Han peika blant anna på at marknadsdelen til dei største norske leverandørbedriftene har vorte så mykje mindre at det får makroøkonomiske effektar i Noreg.
Men for dei andre negative drivarane legg han skulda på bankane – eller rettare sagt den raudgrøne regjeringa, som han meiner innførte strengare kapitalkrav til bankane for raskt. Det har dei to siste åra ført til at bankane har hatt markant strengare utlånspraksis, både overfor hushalda og bedriftene.
– Ein strammare utlånspraksis fører til at hushalda låner mindre og etterspør mindre, sa Aarnes på pressekonferansen tysdag, der han gjorde greie for konklusjonane i rapporten.
Aarnes poengterer likevel at bankane før eller seinare kjem til å ha nok kapital, og da kjem dei til å kjempe om marknadsdelane igjen.
Trur på eigen økonomi
Det er først og fremst blant folk flest at trua på økonomien i landet sviktar. Forbrukarane har framleis trua på sin eigen økonomi, ifølgje FNO-undersøkinga som TNS Gallup har gjort. Fleire månader med aukande arbeidsløyse og fallande bustadprisar er dei viktigaste faktorane bak frykta for dei dårlegare tidene. Kreutzer meiner det er god grunn til å frykte.
– Det er ei tydeleg oppbremsing i økonomien, og sånn sett er dette eit uttrykk for ein underliggjande realitet, svarer Kreutzer på spørsmål om frykta for dei dårlege tidene er overdriven.
Biletet som kjem fram forventningsundersøkinga ser ut til å samsvare godt med det som har komme fram i andre undersøkingar om den økonomiske situasjonen. Nyleg avlyste handelsorganisasjonen Virke forbruksfesten i desember, industrien ser mørke skyer i horisonten, sjølv om den svake krona gir dei eit pusterom akkurat no, og i bustadbransjen snakkar meklarane om til dels drastiske fall i prisane. (©NPK)
LES OGSÅ: Oljen bergar oss ikkje