Åtvarar mot auka forskjellar
Arbeidarpartiet hamra inn påstandar om at forskjellane i Noreg aukar med Erna Solberg som statsminister, da Stortinget tysdag debatterte tilleggsbudsjettet til regjeringa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Parlamentarisk leiar Jens Stoltenberg meinte at budsjettet til Solberg-regjeringa for 2014 er det første steget i ei utvikling som kjem til å skape større forskjellar.
– Det synest ikkje så veldig godt i dette budsjettet, men det viser ei retning der forskjellane blir systematisk større. Vi meiner at små forskjellar er eit samfunnsgode i seg sjølv, sa Stoltenberg.
Dei gamle partnarane Liv Signe Navarsete (Sp) og Audun Lysbakken (SV) følgde opp angrepa hans. Sp-leiaren harselerte over det ho kalla eit «knefall» for Brussel i EØS-saker, mens Lysbakken sa at budsjettet er «byrjinga på ein fest for dei som har mest».
Pessimisme
Mange av representantane viste til den siste konjunkturrapporten frå NHO, der ein stor del av medlemsbedriftene ser dystert på framtida. Statsminister Erna Solberg (H) forsikra Stortinget om at regjeringa ikkje er forsvarslaus mot dårlege tider.
– Svaret på utfordringane er å styrkje konkurransekrafta. Det ligg under heile budsjettet. Skatteletter og eit løft for kunnskap og kompetanse er viktige grep. Forliket med KrF og Venstre aukar konkurransekrafta både på kort og lang sikt, sa Solberg.
Skattekutt for dei rike og auka forskjellar var den raude tråden i innlegga til nær sagt alle Ap-representantane i debatten. Finanspolitisk talsmann Jonas Gahr Støre slo an tonen allereie i starten.
Finansminister Siv Jensen (Frp) sa at overslaga for økonomien er «relativt» gode, men at regjeringa sit med eit raudgrønt arvegods som krev opprydding.
– Både vekst og sysselsetjing viser gode tal, men ting kan bli verre dersom vi ikkje ryddar opp. Vi har tatt fleire grep i dette budsjettet for å styrkje konkurranseevna. Budsjettet er godt tilpassa situasjonen i den norske økonomien. Partane i arbeidslivet har tatt det imot med stor lettelse, sa Jensen.
Gå til temasidene våre for statsbudsjettet her!
KrF godt nøgd
KrF-leiar Knut Arild Hareide sa at KrF gjennom fire forhandlingsdagar på Stortinget har fått større budsjettgjennomslag enn dei fekk dei åtte åra den raudgrøne regjeringa sat.
– Vi har flytta på milliardar. Det har gitt styrkt innsats på område som rus, psykiatri, kunnskap og forsking. Vi har lykkast med å gi budsjettet ein enda betre sosial profil. Dette er eit budsjett for framtida, sa Hareide.
Leiaren i Venstre, Trine Skei Grande, sa at jernbane, elbil og miljø er dei mest synlege avtrykka partiet har sett i budsjettet.
– Venstre har vorte stemt ned på alt av saker i åtte år. Derfor er vi glade for å auke løyvingane til bane med 650 millionar kroner – småpengar, som Støre kalla det. Vi har òg fått til ei større grøn skatteomlegging enn det dei såkalla raudgrøne partia kan vise til, sa Skei Grande.
Umoderne
Stoltenberg lista opp det eine området etter det andre der han meiner at regjeringa fører ein «umoderne» politikk og går frå lovnadene sine: skattepolitikken, familiepolitikken og oljepengebruken.
– I familiepolitikken blir det dyrare barnehagar, kutt i pappapermen, utvida kontantstøtte og ei vidareføring av skatteklasse to. Dette er ikkje noko nytt, men no har Høgre fleirtal for å innføre denne politikken, åtvara Stoltenberg.
Han sa at regjeringa «med kirurgisk presisjon» set inn tiltak som kjem til å hemme integrasjonen av familiar med utanlandsk opphav, der mor er heime og far arbeider i ytterkanten av arbeidsmarknaden, ofte med dårleg lønn.
Solberg forsikra om at regjeringa vil tette hola i det sosiale sikringsnettet.
– Dei utsette gruppene får meir. Helsekøane blir kortare. Vi tar i bruk kapasitet hos dei private for å dekkje behov som ikkje det offentlege helsestellet kan handtere, sa statsministeren. (©NPK)