– Einsretting gjer opprør umogleg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Manglar motkrefter

I 2011 leverte han det som blei kåra til Noregs beste nynorskstil i 2012. Det siste året har Bjarne Bjørnevik jamleg skrive for Framtida.no og Magasinett. No har han vunne essaykonkurransen i Syn og Segn – tidsskriftet som i si tid Arne Garborg var med på å stifte.

I vinnaressayet All makt til rebellane? skriv han om det han meiner er mangelen på eit kollektivt prosjekt blant dagens unge.

LES ESSAYET HER!

– Det er ein mangel på levande motkrefter i det moderne samfunnet. Den kulturelle og ideologiske einsrettinga av samfunnet er i ferd med å gjere opprør og annleistenking umogleg, seier Bjarne Bjørnevik til Framtida.no.

– Kva kjem denne einsrettinga av, meiner du?

– Einsrettinga har sitt opphav i det ideologiske hegemoniet som kapitalismen har opparbeidd seg. Mange tenkjer på kapitalisme som berre eit økonomisk system, men eg er mest oppteken av den globaliserte konsumkulturen. Det er altså fyrst og fremst tale om ein kritikk av kulturell kapitalisme. Einsrettinga er kjenneteikna av at det ikkje finst nokon andre reelle alternativ til dei verdiane som knyt seg til denne ideologien – det vere seg sjølvrealisering, personfokus, materialisme eller kjendisjag. Dei gamle norske motkreftene er på vikande front.

– Nynorsken er jo til dømes eit døyande språk. Ikkje fordi språket språket ikkje er brukande på alle samfunnsområde, slik vestkantkrokodillene meinte i gamle dagar, men fordi bokmålet er det normale og "moderne" språket i ein pulserande marknadsøkonomi, medan nynorsken blir stempla som gamaldags, tradisjonell og uprofitabel. Kort oppsummert kan ein seie at mangelen på synlege motførestellingar til hegemoniske tankar skaper intellektuell og kulturell einsretting. 

– Kva meiner du ein bør gjere opprør mot?

– Det er vanskeleg å seie. Men hadde ein stilt spørsmålet motsett, altså kva ein ikkje skal gjere opprør mot, trur eg ein hadde vore på god veg. Kort sagt lyt ein vel alltid gjere opprør mot enkle sanningar, økonomiske og politiske autoritetar, mot vald og egoisme og overdriven tru på teknologi, framsteg og fornuft som vil gjere menneska til lydige systemtenarar heller enn uinnskrenka åndelege uttrykk. 

Både bøddel og den som heng i galgen
– Korleis er det å ha vunne?

– Ikkje noko særleg. Det er sjølvsagt hyggjeleg å få det ein har skrive på prent i eit høgtståande tidsskrift som Syn og Segn. Dessutan set eg pris på ros og heider, jamvel om det gjer meg litt forlegen òg. Utanom det er det eigentleg ikkje så stor skilnad mellom å vinne og å tape. Sånn sett skulle eg kanskje ønskje at nokon av desse folka som går rundt og skal bli forfattarar og skriv for å bli kjendisar og litterære profetar. For desse kunne jo ein slik siger vere litt kraftfòr i byggjinga av det kunstneriske egoet. Eg skriv berre for meg sjølv, fordi eg må og ikkje kan halde meg unna den trollbindande krafta i ordet. Helst skulle eg gjort meir fornuftige ting enn å skrive og gruble, men eg er ikkje flink til stort anna.

LES OGSÅ:Om modernitet og modernisme

– Essay kjem av det franske verbet “å prøve”. Kva er det du prøver på når du skriv?

– Hmm, det enkle svaret på det er vel at eg freistar å skrive på ein måte som uttrykkjer det eg tenkjer på ein presis måte. Skriving heng vel saman med ei form for erkjenning på eitt eller anna plan, og det er vel det å strukturere tankane mine slik at dei kan erkjennast eg freistar på. Altså ei slags rørsle frå det kognitivt heilt subjektive og fram til det subjektive uttrykket som er objektivt forståeleg. Så det er vel ei slags pusting, men på eit litt annan måte. Eit sug av himmel, kanskje. Nei, eg veit faktisk ikkje. Akkurat skrivinga og grunnlaget for den er så irrasjonell at eg vanskeleg kan forklare det. Når det gjeld sjølve essayet gjer eg vel som Montaigne og freistar å vandre i emnet. Det høyrest jævlig konvensjonelt ut, men er eigentleg det som gjev essay-sjangeren kraft og liv. Å vandre i emnet, å setje sine eigne tankar på prøve, vil seie å opne seg for det tvitydige og mangsidige. I essayet å vere både bøddel og den som heng i galgen samstundes.

Likar best å skriva brev til jenter
– Kva likar du best å skriva? Skriv du noko skjønnlitterært også?

– Eg likar best å skrive brev til jenter. Det er kanskje den største lukka som finst for ein idiot frå Vestlandet. Alle orda fell liksom på plass når ein freistar å imponere kvinnfolka. Det trengst ein del balansegang, veit du, å skulle skrive til ei vakker jente at du elskar henne utan å gli over i klissete klisjear. Det krev at ein er språkleg oppfinnsam og original. Såleis er det ein perfekt øvingsarena for vidare skriving.

– Det andre spørsmålet nektar eg å svare på av prinsipielle grunnar, fordi det impliserer at andre sjangrar som ikkje er skjønnlitterære ligg i skuggen av parnasset, og det er jo berre pisspreik. Generelt bryr eg meg ikkje om sjangerkonvensjonar. Eg er tilhengjar av Bjørneboe sin estetikk. All skriving freistar i større eller mindre grad å skildre røynda, og det er heilt likegyldig om denne freistnaden på erkjenning med utgangspunkt i meg som individ kjem i form av essays, dikt, drikkeviser eller ei masteravhandling.

Les også:Den digitale opplysingstida

– Drit i karakterane
Bjarne Bjørnevik er snart halvvegs på ein bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Eksamen nærmar seg. Han trur det går bra.

– Eg er så langt inne i det eg studerer at eg har betre fagleg oversyn og ser meir av heilskapen i det eg studerer enn eg gjorde i tidlegare semester. Dessutan har eg vore gjennom eit par eksamenar i høgare utdanning no, utan at det har gått til bølgjene. Alt i alt er eg meir trygg og har lågare puls enn før. Uansett er det ikkje karakterar og rask studieprogresjon som er viktigast. Eg er så drittlei av New Public Management-tankegangen i høgare utdanning, med alt fokuset på karaktersnitt, studiepoeng og økonomisk effektivitet. Det einaste du ikkje må ha i ein utdanningsinstitusjon er ein feit administrasjon. Universitetet i Bologna blei ikkje skapt av BI-folk og byråkratar. Ha fokus på om du har lært det du skal jamfør pensum og læringsmål, og drit i karakterane, er min filosofi.