Bjella debuterer som listetopp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Heim for å døy» er det tredje soloalbumet til hallingen sidan 2009, og følgjer etter to med bandet Tolv Volt der han var frontmann og låtskrivar.

– No er eg berre stolt, overraska og lykkeleg! Folk har meir sans for svart humor og melankolske songar enn eg hadde trudd, og det er jammen bra, seier Stein Torleif Bjella i ein kommentar.

Plata, som vart sleppt 11. november, fullfører trilogien som starta med «Heidersmenn» (2009) og heldt fram med «Vonde visu» (2011), som vart lønna med både Spellemann-, Prøysenpris og Bendiksenpris. Og nykommaren har sjølv innkassert fire terningseksarar og 15 femmarar.

Tidlegare denne veka fekk Bjella også Buskerud fylkeskulturpris, fordi han seiast å vere «ein særdeles god advokat for Ål, Hallingdal og Buskerud gjennom sitt virke som musikar».

På nyåret legg Stein Torleif Bjella ut på turné med fullt band. Turnéstart er 22. januar på Kongsberg, og det blir i alt 13 konsertar – inklusive to ekstrakonsertar i Oslo. (©NPK)

LES OGSÅ: Poet for problema