Statoil på liste over klimaverstingar

Statoil er eitt av 90 selskap som til saman har stått for storparten av klimautsleppa i verda opp gjennom historia, ifølgje ei ny undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statoil på verstingliste

Dei 90 selskapa har stått for nesten to tredeler av utsleppa sidan den industrielle revolusjon, ifølgje Climate Accountalibity Institute i USA. Undersøkinga er presentert i den britiske avisa The Guardian.

Ikkje dei aller verste
Statoil er ikkje plassert i toppen av lista, og utsleppa til det norske selskapet vert anslått å vere 0,3 prosent av den totale mengda. Dette er under ein tidel av utsleppa til oljegigantar som ChevronTexaco, ExxonMobil og saudiarabiske Saudi Aramco.

Dei aller fleste selskapa på lista er olje-, gass- og kolprodusentar, medan sju produserer sement. Halvparten av dei samla utsleppa har skjedd dei siste 25 åra.

Oljefondet i halvparten av verstingane
Ifølgje Naturvernforbundet har det norske oljefondet investert i 44 av selskapa på lista. Desse investeringane utgjer til saman 163 milliardar kroner.

Den nye undersøkinga omfattar industrielle utslepp av CO2 og metan frå 1750 og fram til i dag. 67 av aksjane i Statoil er eigde av den norske staten.