Oslo sjette best i verda på IT

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fem byar er betre på IT

Stockholm toppar rangeringa føre London, Singapore, Paris og København.

Breiband og fiber
Det er tredje året det svenske IT-selskapet Ericsson lagar Networked Society Index, som viser kor gode til saman 31 storbyar rundt om i verda er på IT og mobiltenester målt etter infrastruktur, prisar og bruk. Ericsson har mellom anna samanlikna den gjennomsnittlege nedlastingsfarten på breiband, utbreiinga av fiber og 4G, prisnivået på fast og mobilt breiband og kor stor del av befolkninga som bruker ulike former for elektroniske tenester.

Alle dei tre skandinaviske hovudstadene ligg føre verdsmetropolane New York, Hongkong og Tokyo på lista.

Ti på topp – Network Society Index

1. Stockholm

2. London

3. Singapore

4. Paris

5. København

6. Oslo

7. Hongkong

8. New York

9. Helsingfors

10. Tokyo