Kvar fjerde student er einsam
26 prosent av studentane her i landet føler seg ofte eller svært ofte einsame, viser ei undersøking utført for Universitas og Norsk studentorganisasjon (NSO).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvar fjerde er einsam
Studentar i Oslo og Akershus er mest einsame. Her svarer 12 prosent at dei svært ofte føler seg einsame, mens 16 prosent ofte føler seg einsame.
Nye miljø, eit uoversiktleg tilvære og manglande rammer gjer at mange studentar slit med einsemd, skriv Universitas.
– For mange er starten av studietida ein intens sosial periode. Det kan bli ein sårbar fase for dei som i mindre grad tar kontakt med andre, men er avhengige av at andre tar kontakt med dei, seier Lars Wichstrøm, professor i psykologi ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim.
LES OGSÅ: – Normalt å vere einsam
Han understrekar at einsemd kan få alvorlege konsekvensar.
– Det er eit auka sannsyn for å tenkje på og forsøkje å ta livet sitt om ein føler seg einsam. Eit tett og godt nettverk vernar mot både depresjon og sjølvmordstankar, seier psykologiprofessoren.
Einsemda er større blant universitetsstudentar enn hos høgskulestudentar. (©NPK)
LES OGSÅ: Vetle kan gi deg nye vener