Ein mordar fortel og forstår

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne filmen endrar historia

The Act of Killing
Regi: Joshua Oppenheimer, Christine Cynn, Anonym
Med: Anwar Congo, Herman Koto, Adi Zulkadry

Anwar Congo er ein indonesisk gangster, massemordar – og folkehelt. 1965 gjekk han frå å livnæra seg som svartebørshai utanfor kinoen i Medan på Nord-Sumatra til å bli ei sentral brikke i styresmaktene si elleville utrydding av nesten ein million kommunistar. Ingen har teke noko oppgjer med fortida, og hendinga er den dag i dag glorifisert i indonesiarane sitt kollektive minne.

I The Act of Killing har regissørteamet til Joshua Oppenheimer fått Congo og fleire av dei andre medverkande i folkemordet med på å iscenesetja sine eigne nesten femti år gamle grusomheiter. Samvitsfullt og nøyaktig gjenskaper dei no aldrande herrane scener der dei kaldblodig og samvitslaust drep alle motstandarar dei kjem over. Congo, som åleine reknar med å ha kring tusen menneskeliv på samvitet, demonstrerer stolt og villeg sine mest effektive og reinslege avrettingsteknikkar. Medan dei speler inn scener til ein tenkt fiksjonsfilm lagar Oppenheimer ein slags utanpå-dokumentar om prosessen, og deltakarane sine refleksjonar rundt det heile. Resultatet er ein film om folk som lagar film om si eiga historie.

Vilja Congo og dei andre tidlegare drapsmaskinene viser til å laga underhaldning av alt dette forferdelege er absurd, og kastar eit grellt lys over den menneskelege evna til å rettferdiggjera seg sjølv og sine handlingar. Aller tydelegast kjem dette til uttrykk ved at Congo sitt høgst spesielle sidekick, den gjennomkorrupte politikarspiren Herman Koto, stiller i glitrande dameklede og sminke i nesten alle dei bestialske drapsscenene dei kokar ihop.
Det er sjanger-hybriden av dokumentar og fiksjon som gjer «The Act of Killing» til ein så viktig film. Ved å heilt konkret visa oss kva det var han gjorde vert Congo også sjølv tvunge til å reflektera over det. I ei scene der han speler rolla som eit av sine eigne offer evnar han for første gong å leva seg inn i iallfall litt av den smerta han har påført så mange menneske. Då kan han ikkje lenger undertrykkja spørsmålet han har freista drikka, røyka, dopa seg ifrå: Er han ein syndar?

LES SISTE FILMNYTT HER!

Arbeidsmåten til Oppenheimer er eit genialt dokumentarisk grep, men byd òg på etiske utfordringar. Er Congo innforstått med kva han er med på? Filmen møtte sterke negative reaksjonar då han hadde premiere i Indonesia i fjor, og det var neppe det hovudpersonen hadde tenkt seg då han gjekk inn i prosjektet.

Uansett, The Act of Killing er meir enn historieformidling. Filmen er ein sjølvstendig del av historia fordi han er med på å revidera henne. Dette er skjeldant god bruk av filmmediet, og det er det verd å få med seg.

Les meldinga i Universitas!