Sjakksalet tredobla sidan i fjor

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Libris har hatt ein veldig auke i salet av sjakkspel. Eg kan ikkje nemne tal, men auken er på 300 prosent frå den same perioden i fjor, seier Morten Aas til Stavanger Aftenblad.
Han rekna med ei positiv utvikling i lys av sjakk-VM. Difor var lagera ekstra fulle i forkant.
– Salet gjekk mykje betre enn vi hadde trudd, men vi klarte raskt å skaffe nye spel då det vart utselt, seier kjededirektøren. (©NPK)