4000 på Falturiltu

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Falturiltufestivalen blei feira for sjuande gong i starten av november. Blant dei mest populære arrangementa i år var HSH-operaen «Walkman», opningsfesten, med blant anna Frode Grytten og festivalforfattar Einar Økland, og Finn Erix m/ gjestene Are Kalvø og Oddvar Torsheim.

Kari Stai og Atle Hansen sytte for at dei yngste fekk oppleve kvalitetslitteratur og elles var dei bokaktuelle forfattarane og illustratørane Helga G. Eriksen, Ragnar Hovland, Atle Berge, Tor Arve Røssland, Sunniva Relling Berg, Hanne Bramness, Martine Grande, Anna R. Folkestad, Per Olav Kaldestad, Bente Bing Kleiva, Akin Duzakin, Øystein Runde og  Åshild Kanstad Johnsen i sving i løpet av festivalen.   

Kulturskulen trekte mykje folk til sin konsert, og dei var også synlege i bybildet med spontane dikt-, musikk  og danseinnslag. Galleri Giga hadde utstilling med illustrasjonar frå Økland sine tidlege barnebøker, Fitjar vidaregåande hadde laga strålande smykkeutstilling, og flotte utstillingar var det også av HSH-studentar og alle tredjeklassingane i Stord kommune. Alt  inspirert av festivalforfattaren sine tekstar og temaet for årets festival – Eg fann, eg fann!

BOKMELDING: Ein vandrar viser veg

Den kulturrådsfinansierte nettstaden periskop.no følgde årets festival tett over fire dagar, og oppsummerte slik i ein kommentar: «Den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu evnar å nå fram til sitt publikum, til å involvere og inspirere dei. Festivalen fortener ein større oppslutnad.»

– Med ein publikumsauke på over to tusen i forhold til første året er det grunn til å tru at verdas einaste nynorske barnebokfestival er på rett veg, seier festivalleiar Roald Kaldestad.