Med karate som drivkraft i livet

Framtida
Publisert
Oppdatert 13.04.2017 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Karatejenta

18 år gamle Sunniva Stokke frå Rubbestadneset har nett gjort seg ferdig med si første landslagsdeltaking. Det vart sølv i kumite på henne under stemnet i engelske Crawley sist helg. Bømlo-nytt møter henne på karatetreninga til Bømlo Karate Senter i gymsalen på skulen i Rubbestadneset. Det er måndag kveld. Det har gått to døger sidan ho fekk sølvmedaljen om halsen.

LES OGSÅ: Med konsentrasjon og respekt 

Lang konkurransedag 
Sunniva Stokke strålar om kapp med den blenkjande, store medaljen ho viser meg etter nokre minutt. Opplevinga har definitivt gjeve meirsmak, skjønar eg i løpet av intervjuet eg gjer med henne i gangen utanfor gymsalen.

– Det var kjekt, seier ho. 

– Ein fin tur, utdjupar Sunniva Stokke. 

– Me reiste 12 stykke med landslaget over til stemnet der 300 karateutøvarar frå fire land var med. Eg hadde ei hektisk opplading til stemnet rett i forkant. Eg reiste til Bergen og fly til England frå heildagsprøve på Stord, så eg var ganske trøytt då eg kom fram fredag kveld. Måtte vera litt sosial i samband med middagen, men gjekk til sengs i 2200-tida. Alt klokka 0800 på morgonen laurdag var me på plass i hallen. Der var me til 2000-tida på kvelden. Mentalt var det ei påkjenning å vera der i så mange timar. Du må vera på heile tida under konkurranse. Nokon gongar under store stemne så har du god tid til oppvarming, andre gongar må du gjera deg klar til kamp på kort varsel. Eg var tidleg i seng laurdagskvelden også, for å seia det slik, fortel Sunniva Stokke og gliser.

Det beste er å knekkja kodar
Karate er ein idrett som den treningsvillige rubbestadnesjenta tek dønn seriøst. Målet hennar er rett og slett å bli så god som ho berre kan bli innan sin idrett. Kjensla av meistring er den beste løna ho kan få. Det er brennstoffet som tek henne vidare i idretten. Å driva med karate har også den positive biverknaden at ho har ein kropp og eit sinn som er i balanse.

– Eg føler meg bra når eg driv på med karate. Eg har det godt. Det er gøy å trena, og når eg gjennom treninga knekkjer ein del kodar, og merkar at eg blir betre og får framgang fort, så er det ei fantastisk kjensle. Karate er ein livsstil også. Når eg ein gong gjev meg som aktiv utøvar, så gjev eg meg ikkje med idretten. Eg kjem til å trena karate resten av livet, slår ho fast.

At Sunniva Stokke er blitt teken ut på landslaget, ser ho på som ein enorm, personleg motivasjon.

Den uendelege rekkja av treningstimar som er lagt ned av henne i Rubbestadneset, på Stord og Karmøy, byrjar no å kasta av seg.

– Det er dette eg trenar for, det er jo det, seier Sunniva Stokke.

Ikkje som andre ungdomar
Kvar laurdag set ho seg i bilen og køyrer til Karmøy. Her trenar ho under instruksjon av tidlegare landslagstrenar Arild Damm. Sjølv går Sunniva Stokke ved idrettslinja på Stord, der ho har fordjuping i karate, såkalla individuell toppidrett.

– Det er ingen karateinstruktørar ved idrettslinja på Stord, men lærararane er generelt flinke når det gjeld fysisk trening og dei kan mykje om kva som skal til for å vera god under konkurranse. Eg føler det slik at lærarane ved idrettslinja har hjelpt meg masse i mi utvikling, og gjeve meg god hjelp til å leggja opp treninga, seier ungjenta.

I tillegg trenar ho fleire kveldar for veka med Bømlo Karate Senter. Ein kveld i veka er ho dessutan hovudinstruktør ved ein av desse treningane.

– Eg har hektiske dagar. Eg må lesa lekser, eg må bu meg til prøvar på skulen. Det er ofte travelt, seier 18-åringen, som elles forsakar ein del av det som ungdom elles kan tenkja seg å fylla ein del av tida si med.

– Eg fylte 18 år i sommar. Den store endringa er at eg har fått sertifikatet. No set eg meg sjølv i bilen tidleg på morgonen på laurdagane for å køyra til trening på Karmøy. Elles har det ikkje vore den store overgangen å fylla 18 år, fortel idrettsjenta (teksten held fram under biletet).

Kjem frå ein karatefamilie
Sunniva Stokke har alltid vore ei idrettsjente, full fart. Då ho var lita, kasta ho seg med i både fotball og turn. Vendepunktet kom i 2005. Då ville ho prøva karate. Gjennom filmar, syntest ho sporten såg spennande ut. Actionpreget derfrå appellerte.

– Det var jo ikkje slik, då. Eg trudde nesten me skulle vera slike ninjaer, men karaten fenga meg fort, fortel Sunniva Stokke.

Far hennar, Torleif Stokke, ville også prøva seg då dottera starta. Både dotter og far vart biten av basilla. Snart var det berre karate som talde for Sunniva Stokke. No er far dessutan hovudinstruktør ved Bømlo Karate Senter. Også mor i familien, Turid, har etter kvart teke karatedrakta på seg.

– Mor var skeptisk i starten. Eg dreiv på med så mange idrettar, så ho syntest nesten ikkje det var vits i å kjøpa karatedrakt til meg for ho meinte at eg kom til å slutta likevel, seier Sunniva Stokke og smiler.

Storesyster Vilde  har andre interesser, for henne er drama og teater det viktigaste.

– Me er ein karatefamilie. Du kan vel seia at eg er ein skikkeleg karatekid, seier Sunniva Stokke og ler godt.

Boblar over av treningslyst
Tilbake til det store karatestemnet i England sist helg. Sunniva Stokke møtte mange gode utøvarar der. Ho fekk med seg to godt synlege prov etter innsatsen, både sølvmedaljen og ikkje minst ein blåveis under venstre auge.

– Det var eit heilt anna press ved denne konkurransen enn dei stemna eg har vore med på her i Noreg. No er eg supermotivert. Må halda meg litt igjen. Vil helst trena heile tida! Det går jo ikkje, men eg vonar at det blir fleire landslagsoppdrag på meg.

I kata var nivået høgt, det same i kumite.

– Fleire av dei dyktigaste utøvarane i Europa mangla nok, men nivået var uansett prega av at dei dyktigaste frå fire nasjonar var til stades. Eg gjekk tre kampar i kumite, gjennom ein cup, og eg fekk to ordinære kampar i kata. Eg blei slegen ut tidlegare enn eg trudde i kata. Eg kjende meg fin, men var kanskje litt for avslappa. Då eg ikkje kom vidare der, vart eg ganske sur. Det brukte eg som motivasjon og vende sinnet mitt til noko positivt i kumite. Det er alltid greitt å venda det negative til noko som kan motivera i staden, resonnerer Sunniva Stokke.

No konsentrerer 18-åringen seg mest om å driva med karate. Kva framtida vil føra med seg, er enno ikkje planlagt 100 prosent i detalj.

– Eg har lyst å driva det langt innan karate, så får me sjå kva eg skal driva med når eg sluttar som aktiv utøver. Det er mange val eg må ta, seier Sunniva Stokke.

Saka var publisert i Bømlo-nytt.