Tidlegare i år vart Hallingdølen kåra til Norges beste lokalavis. I natt vart dei Europas beste.

Line Sandvik, Hallingdølen
Line Sandvik, Hallingdølen
Faktaboks

Prisår for Hallingdølen
* Årets lokalavis i Norge
* Årets lokalavis i Europa
* To videoprisar
* Seks designprisar i Society for News Design Scandinavia

LES FAKTALUKK FAKTA

– Me gjekk til topps i NM – og no i EM, seier ein strålande glad redaktør Bjarne Tormodsgard. Han seier dette er kjempestort for lokalavisa i Hallingdal.

– Det er nesten for godt til å vere sant.

Då Hallingdølen fekk meldinga i går, vart det feira med blautkake og sjampanje i avishuset på Ål. Ein liten fotoseanse utanfor huset høyrde med.

– Korleis er det å jobbe i Europas beste lokalavis?

– Det er flott å kunne vise at me som lokalavis har eit kreativt og nyskapande miljø, seier mediegrafikar Lisbeth Østenfor Løken.

Haustar prisar

Hallingdølen har hatt eit svært godt pris-år. Norges beste lokalavis, mestvinnande avisa i Society for News Design Scandinavia, sportsportrett vart kåra til beste programserie for web-TV under Årets Mediedager i Bergen, og videopris under «Gull og Gråstein»-konferanse.

Natt til i dag vart det offentleg kjent at Hallingdølen er kåra til Europas beste lokalavis av European Newspaper Award. Prisutdelinga vil finne stad i Wien under «European Newspaper Congress» i mai 2014.

– Eg hadde aldri drøymt om dette. Dette har vore eit prisår utan sidestykke, seier Tormodsgard som nett no deltek på konferansen The Society for News Design (SND) i Kentucky i USA.

Grunngjevinga

Juryen i European Newspaper Award har lagt vekt på at Hallingdølen trekkjer fram folk i sakene sine. I tillegg er sakene visuelt godt framstilt. Juryen trekkjer fram at journalistane i Hallingdal nyttar fotoreportasjen og visuell historieforteljing som eit dagleg virkemiddel i jobben sin. Dette får dei skryt for. Avisa haustar også lovord for sine magasin og reportasjar, og design på dette. Visuell historieforteljing på sitt beste, står det å lese i bedømminga.

I tillegg trekkjer juryen fram at Hallingdølen har jobba fram nye digitale løysingar, med utgjeving på fire kanalar – papir, nett, telefon og iPad.

211 aviser

I år er dei beste avisene i Europa frå Norge, Nederland, Portugal, Russland og Tyskland. 211 aviser frå 25 land har delteke i konkurransen som blir arrangert for 15. gong.

Avisa Leeuwarder Courant frå Nederland fekk prisen for beste regionsavis. Den nederlandske avisa De Volkskrant fekk prisen for beste riksavis. Tyske Welt am Sonntag fekk prisen for beste vekeavis. I tillegg haustar aviser prisar for design i fleire kategoriar.

Juryen i år kjem frå Norge, Danmark, Nederland, Belgia, Sveits, Austerrike, Hellas og Tyskland.

Stolt redaktør

– Me har hausta designprisar i den europeiske konkurransen tidlegare. Me har og sendt inn mange bidrag i dei forskjellige kategoriane i år, men no har me fått den gjævaste prisen. Då får ein ikkje delta i dei andre designkategoriane, fortel redaktør Tormodsgard.

Han er stolt over at juryen har trekt fram at avisa skriv om folk og kvardagshistoriene.

– Dette pregar avisa både på nyheiter og i reportasjar. Me skriv ikkje berre om dei som har makt og posisjon, seier redaktøren. Han seier prisen er ein heider til Hallingdølen og alle dei som jobbar der. I tillegg er det ein heider til lesarane og andre bidragsytarar som stiller opp i intervju og med tips og hjelper Hallingdølen med å lage ei god avis.

– Me har all grunn til å vere stolte no, strålar han.

LES OGSÅ: Hordaland kåra til Europas beste avis

Eigarskap

– Kva er det med Hallingdølen som gjer at avisa vinn så mange prisar?

– Fyrst og fremst ein fantastisk stab som føler eigarskap til produktet. Det er nøkkelen. Folk her yter meir enn ein kan forvente og set si ære i å gjere ein god jobb. Eigarskapen gjer at folk leverer kvalitet. I tillegg er me ei konsernfri avis som får lov til å gjere ting av eigarane våre. Me har rause eigarar som gir oss lov til å utvikle avisa, seier Tormodsgard som tykkjer avisa er driftig og tør gå nye vegar.

Les saka i Hallingdølen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

ANNONSE