Opnar for meir av dette

Regjeringa utvidar forsøksordninga for fornøyelseskøyring med snøscooter i utmark. Over 100 kommunar kan allereie frå i vinter leggje til rette for snøscooterløyper.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har starta arbeidet med å følgje opp regjeringsplattforma, seier miljøvernminister Tine Sundtoft (H).

LES OGSÅ: Ungdom vil ha meir scooter-politi

Køyre for gøy
Miljøverndepartementet inviterte til ei ny forsøksordning for kommunane, der dei i perioden 2014 til 2018 kan etablere snøscooterløyper for såkalla fornøyelseskøyring. Forslaget har vore på høyring i sommar, og tilbakemeldingane har vore svært delte.

– Regjeringa vil styrkje det lokale sjølvstyret, og vi har tillit til at kommunane er medvitne forvaltaransvaret sitt, seier Sundtoft.

Opphavleg skulle ordninga avgrensast til 40 kommunar, men ho skal no utvidast slik at alle kommunane som melde interesse, får delta. Samla dreier det seg om litt over 100 kommunar. 

LES OGSÅ: Luftige stunt på Geilo