Kraftig byks for Ap på ny måling

Arbeidarpartiet går fram over 4 prosentpoeng på ei måling i november, jamført med valresultatet for to månader sidan.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ap kraftig fram på ny måling

På Aftenposten si måling, som er utført av Respons Analyse, får Arbeidarpartiet ei oppslutning på heile 35,1 prosent, opp 4,3 prosentpoeng frå valresultatet.

LES OGSÅ: Dårlegaste måling for Ap på over to år

– Løftebrot og skilnadar
Med ei slik oppslutning ville partiet til Jens Stoltenberg fått ni fleire mandat på Stortinget. Ifølgje bakgrunnstala er det spesielt sofaveljarane som syt for kjempebykset.

– Det var kjekke tal. Eg trur det heng saman med at Ap står fram som eit ope og nysgjerrig parti, at regjeringa har vist ei eineståande gjennomføringskraft når det gjeld løftebrot og gitt frå seg eit statsbudsjett for auka skilnader, seier Stoltenberg til avisa.

LES OGSÅ: Må ha støtte frå Frp og sentrum

Same regjering
Regjeringspartia står meir eller mindre på same stad som før. Høgre går tilbake 0,6 prosentpoeng jamført med valresultatet og får ei oppslutning på 26,2 prosent. Frp mistar 1,2 prosentpoeng og får 15,1.

Støttepartia Venstre og KrF går ned høvesvis 1,3 og 1 prosentpoeng til 3,9 og 4,6 prosent.

SV fell 0,3 prosentpoeng til 3,8 prosent. Miljøpartiet Dei Grøne får 2,8 prosent – det same som ved valet, og også Raudt står fast med 1,1 prosent. Andre parti fell 0,3 til 1,5.