Hauge-senteret er berga

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det vekte oppsikt då det for ei veke sidan blei kjent at regjeringa Solberg sa nei til å løyve 1,5 millionar kroner til basisutstillinga i Hauge-senteret. Regjeringa Stoltenberg ville løyve pengar til utstillinga, men etterfølgjarane strauk summen.

LES OGSÅ: Mållaget uroa for ny regjering

Venstre-grep
Men i budsjettforhandlingane med regjeringspartia kravde Venstre at Hauge-senteret skulle få pengar likevel.

– Vi er letta over at vi no får det statstilskotet vi treng for å lage basisutstilling i Olav H. Hauge-senteret, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Etter planen skal dokumentasjons- og opplevingssenteret om Olav H. Hauge opne i Ulvik i Hardanger i mai 2014. Grepstad meiner at å stoppe eit slik prosjekt seks månader før opninga, verka for mange både småleg og openlyst urimeleg.

LES OGSÅ: Nynorskfryd over statsbudsjettet

Takksam nynorskmann
– Vi takkar Venstre for at dei prioriterte denne saka, og regjeringspartia for at dei snudde i tide. No blir det eit samrøystes vedtak i Stortinget, og dermed står Hauge-senteret sterkare enn nokon gong, seier Ottar Grepstad.

Hauge-senteret held til i det gamle heradshuset i Ulvik, som kommunen har bygd om til museumsbruk for eigne pengar.