Urovekkjande mykje pistolvald
Pistolbruken i populære ungdomsfilmar er tredobla sidan 1985.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Pistolbruken er tredobla
Dei mest populære filmane med aldersgrense 13 år i 2011 og 2012 hadde mykje meir pistolvald enn filmane med 18-årsgrense i same periode, fortel Forskning.no.
915 filmar er blitt granska. Forskarane kartla valdelege sekvensar for kvart femte minutt i filmen. I tillegg noterte dei kor mange av sekvensane som involverte ein pistol. Forskarane fann til saman 700 sekvensar med pistolvald.
QUIZ: Kva veit du om James Bond?
Forskarane bak studien meiner utviklinga er urovekkjande på grunn av det dei kallar våpen-effekten. Han viser korleis menneske blir meir aggressive mot andre berre av å sjå ein pistol. Effekten vart påvist i 1967 og har sidan blitt studert og bekrefta fleire gonger.
Ei undersøking frå i fjor viser at James Bond-filmane også var blitt tre gonger meir valdelege enn starten i 1962.