Stille og støy
Savages er månadens band.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fransk immigrant
Rockebandet Savages har ikkje spelt saman i særleg meir enn to år, men er likevel nominert til den britiske Mercury-prisen for årets album. Det var hausten 2011 at gruppa vart til den kvartetten dei er i dag. Men historia startar i grunnen i Frankrike; det er der vokalist og bandleiar Jehnny Beth er fødd.
Jehnny Beth, som eigentleg heiter Camille Berthomier, vaks opp i ein teaterfamilie i Poitiers i Frankrike, og er dermed van med å stå på scena. I 2006 flytta ho og kjærasten Nicolas Congé (som kallar seg Johnny Hostile) til London saman. Der starta dei bandet John & Jehn, som gav ut to album, og turnerte med blant andre Franz Ferdinand. Dei grunnla plateselskapet Pop Noire i 2011, men løyste samtidig opp bandet.
Same år oppstod altså Savages. Det var Beth og Gemma Thompson – som hadde spelt gitar for John & Jehn – som danna bandet. Ayse Hassan, ein bassist med erfaring frå diverse punk-band i London, vart med kort tid etter. Då Fay Milton prøvespelte som trommis i oktober 2011, var Savages komplett; ho og bassist Hassan hadde ein god rytmisk kommunikasjon med det same.
Kunsten
Tre månader etter at bandet hadde si første øving, debuterte det på scena som oppvarming for bandet British Sea Power. Vokalisten deira hadde allereie høyrt snakk om Savages, men aldri høyrt dei spele. Savages var imidlertid klare for publikum; dei fekk fleire spelejobbar og vekte etter kvart interessa til plateselskap og managerar. Her var samarbeidet heller trøblete. Jentene i Savages har ein motvilje mot den kommersielle delen av musikkindustrien; dei vil vere frie, og er opptekne av at musikken deira ikkje først og fremst skal skaffe dei pengar, men heller få lyttaren til å sjå verda på nye måtar. På konsertane ber dei publikum skru av mobiltelefonane og ikkje filme, slik at dei kan lytte betre.
Den første manageren til Savages vart dermed sparka i juni 2012, omtrent på same tid som dei gav ut singelen Husbands / Flying to Berlin. Manageren ville ikkje at bandet skulle vere signert på Beth sitt plateselskap, Pop Noire. Også når det gjaldt å spele inn albumet fortast muleg, kjente Savages seg pressa; dei ville heller vente til dei kjende seg klare. I oktober gav dei derimot ut EP-en I Am Here, med fire live-opptak.
Å snakke ut
I løpet av tre veker vinteren 2012 spelte dei så inn debutalbumet, i eit studio bak ein frosenfisk-butikk. Johnny Hostile produserte, saman med Rodaidh McDonald, og albumet vart utgitt på Pop Noire, og det større selskapet Matador, som ville jobbe med Savages på deira eigne premissar. Silence Yourself kom ut i mai 2013 og fekk strålande kritikkar.
Samtidig har Savages eit svært godt rykte som live-band – om dei enn har eit nokså dårleg rykte blant bransjefolk og journalistar. Jentene meiner sjølv at krisa i musikkindustrien blir utnytta av dei som sit på pengane; at dagens band gir ut for fort, og er for høflege, av frykt for ikkje å selje plater. For eksempel i songen Shut Up leverer Jehnny Beth ein protest mot dette.
Stod først på trykk i Norsk Barneblad!