Satsar på animasjon på Dovre

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmarbeidarane på Dovre går ei spanande tid i møte. I desse dagar arbeider seks personar med piloten til det som vonleg vert Anita Killi sin fyrste heilaftans animasjonsfilm: Nissen på Dovre.

LES OGSÅ: Feirar 100 år med norsk animasjon

Store pengar
Planane om langfilm har vore der i nesten 20 år. Anita har lenge hatt lyst å filmatisere Nissen på Haugen av Ove Røsbak. Ho har fått støtte til eigen manusproduksjon, før Ståle Stein Berg skal leggje siste hand på manuskriptet – på nynorsk.

No står det på finansieringa, som det så ofte gjer i film. Dei har eit estimert budsjett på 40 millionar.

– Filminstituttet må vere med, utan dei vert det ein lang veg å gå, seier Killi, som søkjer vederlagsstipend og anna som kan dra i riktig retning.

Piloten er ein peikepinn ikkje berre for moglege samarbeidspartnerar i utlandet, men òg for filmskaparane sjølv.

Prosjektet skal presenterast under Fredrikstad Animation Festival denne helga, og til våren kjem den store generalprøven. Då vonar dei å få vist den første piloten med nissen, Maja og veslebroren Ola på ei finansieringsmesse i Lyon. Pilotar og utkast til 50 heilaftans teiknefilmar vert kvart år presentert på Cartoon Movie, som er eit finansieringsforum.

– Me var der i fjor og synte nokre modellar utan at me pitcha, og det var fleire som tykte det var interessant, fortel Killi.

Etter den suksessrike kortfilmen Sinna Mann frå 2010 er Anita Killi eit namn som opnar dører i animasjonsmiljøet.

LES OGSÅ: Viser fram Noreg i ny Disney-film

Huset med studio i
På veggen heng rammer med papirdokker og kulisser, nesten som i settekasser. Det er ein fin måte å ta vare på dei tidlegare skodespelarane.

Anita Killi driv animasjonsselskapet Trollfilm AS på familiegarden på Dovre. Ein gard ho fekk odel på etter ein barnlaus onkel. Planen har vore å utvide nede i sentrum, men knapt med tid og pengar har gjort at det vesle filmselskapet har utvida innanfor gardshusets rammer.

– Eg byrja å tenkje på at eg kunne budd her då eg var 17 år. Det er viktig at folk ser kva ulike ting ein kan bruke gardane sine til, seier Killi, som sjølv er oppvaksen på Ski.

I oppveksten budde ho eit år på Dovre, der begge foreldra er ifrå, noko som gav meirsmak.

Kanskje kan animatøren etter kvart få selskap av fleire kreative hovud i fjellbygda. Med heilaftans teiknefilm vert staben på Dovre både dobla og tredobla. Planen er å starte filminga sommaren 2015 for å ha årets julefilm i 2017. Animasjonsfilm er ein tidkrevjande prosess.

LES OGSÅ: Utradisjonelle bygdeselskap

Guten som vart jente
Ho arbeider med ein teknikk ho kallar cut-out multiplan. Dei ulike figurane og kulissene vert lagt lag på lag mellom glasplater og vert filma ovanfrå. Mellom kvar plate er det godt med luft slik at figurane kan bevega seg fritt.

Dette er fyrste gong Killi filmar denne teknikken digitalt. Ho er litt som plassen ho bur på: oppteken av å halde i hevd gamle teknikkar og tradisjonar, men med historia har ho teke seg nokre fridomar.

Hovudpersonen i boka filmen baserer seg på er ein gut, men Killi har sjølv skrive han om til ei jente.

– Eg var på eit seminar der dei sa at dei fleste hovudkarakterar var gutar og spurde om ein kunne gjere noko med det. Sidan eg er jente sjølv og har tre jenter og ein gut var det naturleg for meg, fortel Killi.

I tillegg ville ho ha ein hovudperson som var snill og nesten tek for mykje ansvar, noko som ikkje er eit typisk heltetrekk i dagens forteljingar.

– Det er litt ei historie om å verte sett. Nissen vil verte sett, sjølv om han ikkje vil det og Maja vert òg sett.

LES OGSÅ: Filmsensuren fyller 100 år

Saktefilm
– Det vert uvant å ikkje vere den som beveger dokkene, seier Killi.

Tidlegare har Killi stort sett gjort alt sjølv, i ein større produksjon må ho lære seg å delegere ansvar, slik at ho kan fokusere på regi og design.

– Noko av det viktigaste er pausane, veldig mykje animasjonsfilm i dag går for fort, meiner filmskaparen.

Sjølv likar ho dei litt meir langsame filmane, som er opne for tolking etter sjåaren sitt nivå. Der ikkje alt er måla svart kvitt og lagt opp etter dei tradisjonelle forteljarteknikkane.

LES OGSÅ: Treskjeraren frå Gran

Dovre-reklame
Animasjonsmiljøet på Dovre er lite, men spirande. Killi har kollegaar som kunne tenkje seg å flytte dit. Sjølvsagt vil ein film om Nissen på Dovre òg verte god promotering av bygda.

– Med den tittelen er det ikkje tvil om kvar handlinga føregår, smilar Killi.

Og det er ikkje få hint av Dovre som får plass i forarbeidet til filmen. Mykje av handlinga og detaljane er ting frå hennar eige liv. Ein lite skistav har sitt førebilete på garden. Nisseskjegget er kortreist frå eigen sau. Augevippene til kyrne er faktisk ekte. Og ja, kyrne er basert på levande modellar frå eige fjøs og har ekte merking.

Fjellheimen på Dovre spelar ei stor rolle, og Killi har fått med Dovre stasjon, der hennar eigen bestefar har utført treskjeringar.

– Eg har fått beskjed om å avgrense meg med innhald og stader, men eg vonar Dovre stasjon får vere med.

Sjå prislønna Sinna Mann under: