Duer luktar vegen heim

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Luktar seg fram fleire mil

Forskarar og dueentusiastar har lenge visst at duer er flinke til å finne fram, men har undra seg over korleis dei gjer det.

Ei ny studie peikar mot at dei bruker luktesansen, skriver European Geosciences Union i ei pressemelding, ifølgje forskning.no.

LES OGSÅ: Forsking skal avsløra lakseløyndommar

Virtuelle duer
Det er forskaren Hans Wallraff frå Max Planck Instituttet i Tyskland, som har vist at atmosfæren inneheld den naudsynte informasjonen duene treng for å finne vegen heim. 

I forskingsarbeidet samla han prøvar frå atmosfæren på 90 stader i eit område med ein radius på 200 kilometer. Prøvane vart samla inn frå eit dueslag i Sør-Tyskland. Deretter utvikla han ein datamodell med virtuelle duer.

– Mine virtuelle duer fungerte som reiskapar for å velje ut dei flyktige forbindingane i atmosfæren som med si romlege fordeling, kombinert med variasjonar i vindretninga, var til hjelp når duene skulle finna heim, seier forskaren i ei pressemeldinga.