Kven skal vake i den blå timen?

Tore Storehaug
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den tomme ministerstolen
Då Solberg la fram statsrådkabalen sin viste det seg at posten som utviklingsminister var tom.Som KrF-ar har eg eit særskilt forhold til posten som utviklingsminister. Ikkje berre er dette draumejobben til ein KrFU-ar, men det er også ein regjeringspost som KrF til dei grader har vore med å forme. Då KrF valde å gå inn i Willoch-regjeringa i 1983 fekk Noreg sin første bistandsminister. Seinare blei ministerrolla omdøypt til utviklingsminister. Med å ha ein eigen post som utviklingsminister viser ei regjering tydeleg at utvikling handlar om noko anna enn den ofte altfor realpolitisk retta utanrikspolitikken.

At utanriksministeren sin stol framover vil bli fylt av ein europaminister betyr at forventningane til kva Børge Brende kan få til er endå høgare. Han trakkar no inn i endå eit par sko i tillegg til dei han har som utanriksminister – og med så mange sko må han trå rett slik at føtene ikkje stokkar seg.

Dei blå og dei raudgrøne har mykje til felles. I løpet av dei 8 åra med raudgrønt styre var det berre eitt år der utviklingsministeren berre jobba med utvikling.I dei sju resterande åra var utviklingsministeren også miljøvernminister. Den aukande todelinga i norsk politikk gjer det lett å gløyme desse likskapane. Eit anna døme er då Stoltenberg kritiserte Solberg-regjeringa si plattform for å ikkje ha høge nok klimamål. Denne kritikken kom på same tid som dei raudgrøne måtte innrømme krasjlandinga på Mongstad, eit prosjekt Stoltenberg skraut høglytt av til både internasjonale kollegaer og til media. I staden for å vere regjeringa som gjennomførte månelandinga blei dei regjeringa som sette ny norsk rekord i opning av oljefelt.

Håpefull blå utviklingspolitikk
Eg har store forhåpningar til Børge Brende – i alle falletter å ha høyrt kvar han legg lista. På spørsmålet om kvar vi går vidare etter tusenårsmåla, har han sagt at hans visjon er at «vi skal legge opp til en politikk internasjonalt med et nytt stort mål: å utrydde den ekstreme fattigdommen helt innen 2030». Dette er eit godt mål. Frå 1990 til 2010 sank den delen av verdas befolkning som lever for mindre enn 1,25 dollar dagen frå 47% til 22%. Dette er ein god trend, og Brende sin visjon er på rett plass, frå rett mann og til rett tid. KrFU skal minne han på denne ambisjonen dei neste åra.

Men korleis skal vi få det til? Eg håpar og trur dei blå på nokre felt kan gjere norsk bistand betre. Først og fremst treng norsk utviklingspolitikk å bli meir samstemt, alle sektorar må dra i same veg. Det hjelper lite å hjelpe utviklingsland med å redde regnskog viss vi samstundes investerer i selskap som øydelegg regnskogen via Oljefondet.Dernest er det bra at Sundvollen-erklæringa seier at «Regjeringen vil prioritere jenters utdanning i fattige land», den delen av bistanden som går til utdanning har dessverre ikkje vakse like mykje som resten av bistanden under dei raudgrøne. Det er også bra at ein legg opp til ei uavhengig gransking av norsk bistand.

Hovudpunktet som manglar er eit mål for kor mykje Noreg skal gje i bistand.  Det hadde vore modig om Solberg hadde gjort som sin britiske kollega David Cameron, som midt i finanskrisa slo fast at det britiske bistandsmålet låg fast, for nødvendige kutt skulle ikkje gå utover verdast fattigaste.

Sundvollen-erklæringa slår også fast at «En friere handel og investeringer over landegrensene er avgjørende for vekst og utvikling.» Dette er riktig, og eg håpar ein også tar politiske grep for å få dette til. I valkampen var dei dåverande opposisjonspartia einige om å sette av ein del av oljefondet til investeringar i fattige land. Det ville vore lange steg i rett retning. Ikkje berre har afrikanske land stor vekst, men investeringar er nødvendig for å få til vidare vekst og med det gode marknadar og trygge bein å stå på.

Vaking i den blå timen
Den tomme ministerstolen og det manglande prosentmålet for norsk bistand viser at dei blå treng hjelp for å få ein best mogeleg utviklingspolitikk. For første gang sidan eg fylte 13 år er det politiske landskapet forma slik at dette er mogleg, og KrFU står klar til å hjelpe. Solberg-regjeringa er ei mindretalsregjering, noko som betyr at dei må søke støtte i Stortinget. Dei siste 8 åra har makta blitt samla på lukka regjeringskontor, no må Regjeringa søke støtte i Stortinget. Eg håpar Stortinget bruker denne moglegheita til å styrke kampen mot fattigdom. Dersom vi skal nå utanriksminister Brende sitt mål om ingen fattige innan 2030 har vi inga tid å miste.