Blir lansert i stort musikkmagasin

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Come taste the Band (CTTB) har eksistert som band sidan 1997 og blei starta som eit tributeband til rockebandet Deep Purple. Ein av frontfigurane i bandet er Jo Henning Kåsin frå Gvarv.

Bandet har spelt på klubbar og festivalar landet rundt, men gjekk opp fleire divisjonar då bandet i 2007 starta eit mangeårig samarbeid med Glenn Hughes, best kjend som bassist i Deep Purple og som vokalist i Black Sabbath.  Dette førte igjen til samarbeid med Joe Lynn Turner i 2011, kjent frå band som Deep Purple og Rainbow.

Nå står bandet frå Midt-Telemark framfor det som kan vere ei verdslansering og noko som byrjar å likne på eit eventyr for minneboka.

Tied Down
På Telemarksendinga på NRK-radio er det i dag verdspremiere med speling av ei heilt ny låt laga av Joe Lynn Turner & Come Taste the Band. Rockegitaristen Kåsin er i radiostudio og har godt nytt å fortelje til alle som likar rock’n’roll:

CTTB har nemleg spelt inn ei heilt ny og sjølvlaga låt, Tied Down, i samarbeid med rocke­legenda Joe Lynn Turner. Inn­spelinga av den tøffe og klassiske rockelåta blei gjort på Notodden i fjor og sidan har anerkjente Beau Hill frå Austin, Texas teke seg av miksing og mastring.

Sjølve låta er laga av Kåsin og bassisten Ståle Naas, medan Lynn Turner har bidrege med både finish og enkelte endringar i tekst og melodiline.

LES SISTE MUSIKKNYTT HER!

Presentert i musikkmagasin
– Eg har så god tru på låta at eg like godt sendte den til det engelske rockemagasinet Classic Rock Magazine AOR, seier Kåsin, og legg til at magasinet er eit av verdas største musikkmagasin med 100.000 lesarar, og det aller største i Storbritannia.
Kåsin tok direkte kontakt med redaktøren Geoff Barton og svaret kom kontant: «great» og «yes!».

– CTTB har skrive kontrakt med magasinet om at låta kjem ut på ein CD som følgjer magasinet, seier Kåsin, og røper at samarbeidsprosjektet med Lynn Turner også blir presentert i bladet.

Kven som tronar på forsida veit ein ikkje, men ein kan jo håpe det er duoen Lynn Turner og Kåsin. 20. november får me svaret. Kåsin seier at dette er det viktigaste rockebladet å få omtale i og at det kan bety mykje for framtida for bandet.

– Låta er fengande og med god live-feeling. Alt er spelt inn med nokre få opptak, seier Kåsin, som ventar spent på responsen.

Les saka i Bø Blad!