Ynskjer éin dag til leik

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge politikarar vil ha leik

I barnas kommunestyre i Vindafjord vart det argumentert hardt for å behalda fire dagars skuleveke.

Møtet i Ølen kulturhus er det tredje i rekkja der 24 elevar frå barne- og ungdomsskulen får gje barn og unge ei stemme inn til makta på rådhuset. Hovudsaka på møtet var spørsmålet om framleis fire dagars skuleveke for elevane i dei tre fyrste klassestega eller innføring av skule alle fem vekedagane.

Det vert kortare dagar og ein jamnare skulegang

Kommunalsjef oppvekst, Liv Tokerud, opplyste representantane om at ordninga med fire dagars skule berre finst i eitt par andre kommunar i landet.

— Saka er komen opp fordi analysar viser at elevane i vår kommune ikkje gjer det så bra på skulen som ein ønskjer. Me lurer derfor på om dette har samanheng med at elevane ikkje går på skule alle dagane. Lærer dei nok? Er det nokre fordelar med å gå fem dagar, sa ho.

Både for og mot

Det var tydeleg at elevane hadde gjort seg opp visse tankar i saka og Berit Karoline Arnesen Økland frå Vats skule var den første som tok plass på talarstolen.

— Mange elevar får ei veldig lang reise heim dersom bussordninga vert lik måndag og onsdag. Elevane har godt av å ha fri ein dag der dei får vera heime med ein av foreldra sine. Dei har godt av å leika ein dag i staden for å vera på skulen, sa ho, og elevane frå Skjold skule følgde blant anna opp med positive sider ved fem dagars veke.

— Det vert kortare dagar og ein jamnare skulegang. I tillegg vert det kanskje gjort litt meir lekser, argumenterte Cedrik Mballow som har tidlegare erfaringar med fem dagars skule.

— Før eg flytta hit gjekk eg mange år på fem dagars skule. Då låg resultata på skulen vår over gjennomsnittet kvart år. Eg synest derfor det er lurare å gå kortare dagar enn å vera heime ein heil dag.

Votering

Thaletta Vestbø Reimers frå Bjoa skule sa at elevane er mot fem dagars veke fordi det vert dyrare med buss.

— I tillegg vil det vert dyrare med SFO på måndagar for enkelte.

Deretter sende ordførar og møteleiar, Ole Johan Vierdal, saka vidare til votering. Mykje tyder på at enkelte elevar vart litt forvirra over dette, men eit samrøystes vedtak om framleis fire dagars skuleveke vart uansett klubba gjennom.

Trivselsvakter

På møteagendaen stod òg ei orientering av sjetteklassingen Hedda Mo Skattkjær og femteklassinga Marius R. Amundsen frå Skjold skule. Dei snakka om ordninga med trivselssvakter som skulen innførte i januar i fjor.

— Grunnen til at me fekk trivselsvakter er at me er ein zero-skule. Hausten 2011 bestemde elevrådet at me skulle få trivselsvakter og at mellomsteget skulle få den jobben, fortalde Hedda til representantane i barna sitt kommunestyre.

Ifølgje Marius hadde ordninga vorte innført sånn at alle skulle ha nokon å vera i lag med.

— Det skal òg hindra at nokon vert mobba og sørgja for at alle har det kjekt i friminuttane. Ingen skal måtte vera åleine.

Dette var idéar som blant anna Berit Karoline Arnesen Økland (12) ville ta med seg attende til Vats.

— Ein time kvar måndag har elevane i mellomsteget samarbeid. Dette er berre ein gong i veka så no vil me ta opp dette med trivselsvakter i elevrådet. Me skal høyra om me kan få det på vår skule òg.

Les saka i Grannar!

Kva synest du om å ha fire skuledagar i veka?