Gjev ut bok på 75-årsdagen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsheim med ny bok

Heilt sidan biletkunstnaren i 1960-åra vart inspirert av amerikansk popkunst, har han leika seg med å omsetje pop- og rock-tekstar til norsk. Han har nytta songar av The Beatles, Bob Dylan og Jørn Hoel som ramme for å skape sitt eige univers – eit univers sett frå Halbrensdlia i Førde.

Heng ikkje i hop
I den nye boka si «Solveigs aller siste song til sin ex» er det eit knippe av desse songtekstane Torsheim presenterer, illustrert med skribleri, teikningar og andre surrealistiske innfall.

– Det er vel ikkje nødvendig at alt i tekstane heng i hop, og at det er heilt korrekt, berre det fyk av garde på den rette måten? seier Oddvar Torsheim.

Terapeutiske sidesprang
I kunsten er Torsheim samfunnskritisk, og han ser gjerne på fordommar med eit humoristisk blikk. Sjølv kallar han seg for «biletkunstnar med musikalske terapeutiske sidesprang», og songtekstane, eller «remsene» som han kallar dei, går ofte over tokk og stein i vilter livsglede. Men under all humor og galskap finn vi også tristesse og poesi som avslører ein reflektert person bak klovnemaska, skriv forlaget Skald i ei pressemelding.

Boka vert sleppt i samband med Oddvar Torsheims 75-årsdag 2. november 2013.