Egil Olsen lanserte onsdag sin nye song «Find a way» – med skummel musikkvideo.

Kjell Arne Steinsvik/ Møre-Nytt
Kjell Arne Steinsvik/ Møre-Nytt

Dagen før halloween la Egil Olsen ut videoen, der han vert forvandla til ein blodtørstig varulv med appetitt for kvinner. Den litt lystige gitarklimpringa gir ein artig kontrast til videoen, som vart spelt inn over to dagar ute i skogen.

– Då eg skulle lage video til «Find a way»–, visste eg berre at eg ikkje ville stå framfor kamera og spele gitar og syngje, men heller lage ein liten film. «Find a way»– er ei mørk, men optimistisk låt om å komme seg ut av mørket og ut av ein dårleg periode – om å finne ei løysing. Det var sikkert ord som woods, moon og night som trigga ideen om å lage noko i skogen, og når eg først hamna i skogen, kom bileta av ein varulv. Låten handlar absolutt ikkje om ein varulv, men litt om indre demonar og det å bere på noko mørkt. Kanskje litt som å vere ein varulv? Seier Olsen om den nye musikkvideoen.

LES OGSÅ: Bonde-rap med eigen musikkvideo

Monstersminke
I videoen fekk han også bruk for sminkekunnskapane han laga mange skumle masker med på 90-talet.

– Som regel tek det for mykje tid og arbeid å lage til noko slikt, men denne gongen bestemte eg meg for å slå på stortromma og hoppe i det, seier Olsen.

– To dagar i skogen i minusgrader, dekt av blod og sminke, timevis med knurring, brøling og leikeslosting med kordamene mine var temmeleg hardt, men veldig gøy. Etter litt kvile, akupunktur og dampbad byrjar stemma å kome tilbake, blåkulane er gule og restane av lim og gummi er nesten vekke, seier han.

LES OGSÅ: Aasensk powerpop

To singlar og ny plate
Musikkvideoen hadde premiere på internett onsdag, og skal visast på storskjerm på Rokken på konserten torsdag kveld. Neste veke kjem vinylsingelen ut for sal. Etter nyttår kjem ein singel til.

– No har eg gitt ut tre album utan å gje ut ein einaste singel, så eg tenkte eg skulle ta igjen litt og setje meir fokus på einskilde låtar, humrar Olsen.

LES OGSÅ: Politiet seier nei til bruk av halloween-masker

Japan
Om eit par veker reiser Egil Olsen på ein ti dagar lang turné til Japan, der han skal spele fire konsertar.

– Er du “big in Japan”?

Eg har ikkje heilt oversikt. Eg har arbeidd med eit plateselskap der sidan 2008, men eg har ikkje akkurat vorte søkkrik av Japan. Eg trur ikkje eg har selt så mange plater der. Men kven veit, kanskje tek dei alle pengane sjølv? Seier Olsen med eit smil.

I Japan har han også arbeidd saman med musikaren Yoko Kanno, som er veldig populær der. Saman har dei mellom anna laga musikk til to reklamar: ei for datagiganten Google og ei til klesmerket Uniqlo.

Ukjend marknad
– Spelar du for eit stort publikum i Japan?

– Eg har ikkje peiling. Eg var i Kina for to år sidan. Då visste eg ingenting, og hadde bestemt meg for å ikkje ha nokon forventingar. Det er herleg å berre slappe av. I Noreg er eg ein kontrollfreak, men i Asia bryr eg meg ikkje. Der for nokre andre ha kontrollen. I Beijing hadde eg ein konsert med åtte hundre folk, der alle kunne tekstane mine. I Japan: har ikkje peiling. Men dei første som likte musikkvideoen i dag var frå Japan, og eg ser stadig at mange rare teikn og namnet mitt dukkar opp på nettet, seier Olsen, som har fått med seg at musikkblada og bloggane i Japan ofte skriv veldig emosjonelle og filosofiske omtalar om musikken hans, der dei tolkar veldig mykje ut av tekstane hans.

På heimebane spelar altså Olsen på Rokken i Volda torsdag. Den 27. november spelar han på Ørsta kulturhus, og i jula vert det tradisjonsrik konsert på Rust.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Sjå musikkvideoen, samt korleis han vart laga i videoane under.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47
ANNONSE