Heine Møgster (13) frå Vordneset er ein ivrig hummarfiskar. Å driva fiske ligg i blodet hans.

Nils-Tore Sele, Bømlo-Nytt
Nils-Tore Sele, Bømlo-Nytt

Det er nemleg fiskar Heine Møgster helst vil bli. Fiskeskipper.

– Me har alltid blitt fiskarar i familien min. Tippoldefar var det, oldefar, bestefar var det og faren min er det. Det er det eg helst vil driva med også, seier ein smilande Heine Møgster frå Vordneset. 

13-åringen har nett fortøydd ved flytebryggja etter å ha drege åtte hummarteiner. Det vart fangst denne laurdagen også. Ein hummar, ikkje av dei største, men over minstemålet. Så langt, fortel han, har det blitt fire humrar. Den største, ein godt rurpynta hummar, er på 1,3 kilo.

Var tidleg ute
– Når var fyrste gongen du var med på hummarfiske?

– Då var eg ikkje gammal, kanskje berre tre år. Bestefar og far har teke meg med ut i båten frå eg var ganske liten. Dei har lært meg godt opp. Eg har fått driva med hummarfiske på eiga hand frå eg var åtte-ni år gammal, fortel Heine Møgster.

– Å fiska hummar er kjekt, seier han.

– Kvifor?

– Det har med spenninga å gjera. Ikkje å vita kva du dreg opp, og gleda over å få teina med hummar i, oppi båten. Hummarfiske er noko eg verkeleg kan tilrå andre å driva med. 

Det kjekkaste han veit
Teinene hans kjem til å vera i sjøen heilt fram til hummarsesongen er slutt, 1. desember, fortel den unge fiskaren. Utanom hummarfisket fiskar Heine Møgster ein del torsk. Torsken hamnar i ein liten merd han har laga til på sida av flytebryggja. Ein del av det han dreg opp av sjøen, anten det er hummar eller fisk, blir for eigen matauk i familien og noko blir selt til andre.

I sommarferien går det i krabbefiske for Heine Møgster. Det er alltid nokon som er ute etter å få kjøpa god vordneskrabbe.

– Eg får meg litt lommepengar på den måten, pluss at eg sparar ein god del av det som eg tener.

– Fisking er det kjekkaste eg gjer på fritida mi. Det slår fotball også, understrekar 13-åringen som spelar på G13-laget til Finnås.

Skal på sjøen
Yrkesdraumen er som sagt å bli fiskar for denne 13-åringen. Gjerne skipper på ein ringnotsnurpar, slik faren hans er. Faren står til rors på Eidesvik Havfiske AS sin «Bømmelbas», ein kombinert ringnotsnurpar og trålar med kvote på nordsjøsild, NVG-sild, makrell, lodde, kolmule og tobis.

– Far har teke meg ut på eit par småturar med ringnotsnurpar tidlegare. Det har gjeve meirsmak for meg. Å bli fiskar er det eg har mest lyst til no. Sjøsjuk vert eg ikkje. Far meiner at eg burde prøvd meg på eit anna yrke. Han seier at det blir stadig vanskelegare å klara seg som fiskar. Uansett, så blir det nok ei eller anna karriere sjøvegen på meg til slutt, meiner den 13 år gamle hummarfiskaren frå Vordneset.

Les saka i Bømlo-Nytt!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE