Denne veka skal dei store skattesnytarane under lupa.

Selskap som unngår å betale skatt er ein stor trugsel mot alle land, og særleg mot utviklingsland.

Ifølgje Økokrim misser Noreg årleg 35 milliardar kroner i skatteinntekter på grunn av skatteunndraging. Det svarar til 55.000 årsverk i offentleg sektor, eller skattelette på 15.000 kroner per sysselsatt. Og dette er eit konservativt anslag.

I trugselvurderinga for 2013, skriv Økokrim at skattesnyting er blant dei største trugslane mot velferdssamfunnet.

LES OGSÅ:Nektar å betala skatt for frivillige

Denne veka set konferansen Skjulte eigarar fokus på eigarar som gøymer seg bak kompliserte selskapsstrukturar og bidreg til aukande skattesnyting og anna alvorleg kriminalitet.

– Eit altomfattande problem
– I rettsaker der ein prøver å finne ut kor pengestraumar har gått eller kor mykje som ikkje er skatta av, endar ein ofte opp i til dømes skatteparadis eller i selskap som er registrert med stråmenn som eigarar. Dermed er det nesten umogleg å spore pengestraumane tilbake til eit land. Dette ser vi igjen og igjen, seier dagleg leiar i Tax Justice Network, Sigrid Klæboe Jacobsen.

– Kven er dei skjulte eigarane?

– Ofte er det privatpersonar som har forsøkt å unngå å betale skatt. Vi ser òg same problem med store anerkjende selskap. Desse kan ha så kompliserte selskapsstrukturar at det er umogeleg å finne den eigentlege eigaren. Til dømes har dei ti største utvinningsselskapa til saman seks tusen dotterselskap. Eigartilhøva mellom selskapa er så komplekse at det nærast er umogeleg å finne ut av.

LES OGSÅ:– Innfør Robin Hood-skatt no

Ein eigen del av konferansen er sett av til studentar. Tax Justice Network vil nemleg oppmode fleire til å forske på skattesnusk.

– Vi er avhengig av å produsere ny kunnskap på området. Skattesnyting og skatteparadis er eit underforska område, særleg i forhold til storleiken på problemet. Difor freistar vi å inspirere studentar til å skrive bachelor- eller masteroppgåve om temaet.

Her kan du finne fleire nøkkeltal om skatteunndraging.

– Myndigheitene heng ikkje med
Om selskapa faktisk bryt lova ved å gjere seg nytte av skatteparadis eller kompliserte selskapsstrukturar, er eit definisjonsspørsmål, ifølgje Klæboe Jacobsen.

– Somme vil seie at dette ikkje er ulovleg, fordi det ikkje strid imot eksisterande lovar. Likevel er dette praksis som strid mot intensjonen bak lovverket. Og den intensjonen er at verdiar skal skatteleggjast i det landet der verdiane vart skapte.

I tillegg har ikkje myndigheitene og lovverket hengt med i svingane, ifølgje organisasjonen.

– Internett og større grad av internasjonalisering har gjort det veldig enkelt å opprette postboksselskap eller andre typar ekstraselskap. Den einaste grunnen for å gjere dette er å gjere det vanskelegare å sjå kor pengane eigentleg flyt. Det finst ikkje lovverk som regulerer dette godt nok. Internasjonale pengestraumar krev internasjonale lover, men lovane vert jo vedtekne nasjonalt.

LES OGSÅ:Vil slå saman MDG og SV

Eit av spørsmåla som vil verte diskutert på konferansen, er korleis norske bankar stiller seg til problemet.

– Bankane er pålagde å kjenne sin kunde – dei skal vite kven det er som opprettar konto. I praksis gjer dei ikkje det. Det er fordi bankane er for slappe til å sjekke identiteten til kundane, men òg fordi ein ikkje registrerer eigarar og selskap godt nok i Brønnøysundregisteret. I registeret skal eigaren stå oppført, men der kan ein til dømes registrere eit anna selskap som daglig leiar.

Treng lovfesta openheit
– Kva for tiltak treng vi for å få bukt med skattesnytinga?

– Vi må bli strengare på registrering av selskap, slik at ein må oppgje kven som eigentleg er eigar, med namn, adresse og identifikasjonsnummer.

– I tillegg må selskapa syne oss kor mykje dei tener og skattar i kvart land, og korleis selskapsstrukturen ser ut. Dette er informasjon dei ikkje treng gje i dag.

Ein slik rapporteringsstandard vert kalla land-for-land-rapportering. Det vil innebere at selskap rapporterer inntekter, utgifter, forteneste, skatt og talet på tilsette i alle landa dei opererer i. I dag treng selskapa berre å syne samla tal, til dømes for alle land i Afrika og Asia. Dette systemet fangar ikkje overskot som vert flytta mellom land, og ofte via skatteparadis.

LES OGSÅ:Skandale-regjering!

Land-for-land-rapportering er føreslege som ei ny lov i Noreg, som er oppe til vurdering i Stortinget. Klæboe Jacobsen er ikkje heilt nøgd med lovforslaget.

– Det er eit dårleg lovforslag, fordi det berre står at selskap i utvinningsindustrien skal rapportere frå landa der dei har si verksemd. Lat oss seie at eit selskap vinn ut gull i Tanzania. Då treng dei berre fortelje kor mykje dei tener og skattar i Tanzania, medan dei slepp å rapportere frå skatteparadis, der pengane eigentleg flyt.

Særleg kritisk for u-land
I rike land med gode system for kontroll og skattelegging misser ein mykje pengar. Likevel, endå meir kritisk er skattesnytinga for fattige land.

Årleg forsvinn 1260 milliardar amerikanske dollar ulovleg frå utviklingsland. Til samanlikning gjev dei rikaste landa årleg 120 milliardar i bistand til utviklingsland.

– Utviklingsland har ofte endå mindre ressursar til å finne ut kvar pengane blir av og kven som flyttar pengar ut av landet. Det gjer at veldig store summar forsvinn. Sjølv om skatteunndraging er overraskande kritisk for rike land, gjer det endå større skade i utviklingsland, seier Klæboe Jacobsen.

Høgare på agendaen
Ifølgje Klæboe Jacobsen har skattesvindel kome høgare på agendaen enn før.

– Den politiske aksepten for skatteunndraging har heilt klart minska veldig dei siste to åra. No står det att å sjå om dette vert omsett til praksis, og om lovar og internasjonalt samarbeid vert innført.

LES OGSÅ: – Oljefondet knuser hjarta våre

Finansminister Siv Jensen hadde ikkje høve til å kommentere lovforslaget om land-for-land-rapportering, eller kva ho vil gjere for å arbeide mot skattesnyting på noverande tidspunkt.

– Finansministeren er travelt oppteken med å lage tilleggsproposisjonen for Statsbudsjettet 2014, og må difor kome tilbake til dette på eit seinare tidspunkt, ifølgje kommunikasjonsrådgjevar ved Finansdepartement, Dorte Drange.

Før Stortingsvalet, stilte organisasjonen Attac alle partia spørsmål om deira synspunkt på ulike tiltak mot skattesnyting. Ifølgje undersøkinga er Høgre og Framstegspartiet dei einaste partia som er imot land-for-land-rapportering for multinasjonale selskap i alle sektorar.

LES OGSÅ: Oi! Snakkar DEI om politikk?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE