Stakk av med dei nordiske prisane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

”Profetene i Evighetsfjorden” av Kim Leine fekk litteraturprisen, ”Jakten” av Thomas Vinterberg fekk filmprisen, fiolinisten Pekka Kuusisto fekk musikkprisen, ”Karikko” av Seita Vuorela og Jani Ikonen (ill.) fekk barne- og ungdomslitteraturprisen, medan Selina Juul frå organisasjonen Stop Spild Af Mad fekk miljøprisen.

For første gong vart alle Nordisk råd sine fem prisar avslørt og utdelt samstundes under Nordisk råds store prisgalla i Operaen i Oslo, og showet vart sendt på alle statskanalar i Norden.

Dansk-norske Kim Leine fekk Nordisk råds litteraturpris for verket sitt ”Profetene i Evighetsfjorden”, som av juryen blir skildra som ”eit medrivande epos om undertrykking og opprør, eit antikolonialistisk, vidt forgreina verk, som fantaserer over mennesket som kropp og tanke”.

LES OGSÅ: Den kronglete vegen til forfattarskapen

Den danske filmen "Jakten”, instruert av Thomas Vinterberg, som òg har skrive manuskriptet saman med Tobias Lindholm, og som er produsert av Sisse Graum Jørgensen og Morten Kaufmann, fekk Nordisk råds filmpris.

Trioen Vinterberg, Lindholm og Kaufmann var òg bak "Submarino", som vann Nordisk råds filmpris i 2010.

Den finske fiolinisten Pekka Kuusisto fekk Nordisk råds musikkpris, fordi han, med juryen sine ord, er ”ein fiolinist i absolutt verdsklasse og med ein like unik kreativitet som musikalitet”.

Den finske boka ”Karikko” (Blindskär) av Seita Vuorela og Jani Ikonen (ill.) var den første som mottok den nye Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris. Frå juryen heiter det blant anna:

– I ei grenseoverskridande forteljing oppbygd som ein mosaikk, attgjev forfattaren ei historie om to brør som treff og rører lesaren til siste side.

LES OGSÅ:Nominert til ny nordisk prestisjepris

Selina Juul frå organisasjonen Stop Spild Af Mad i Danmark får miljøprisen på grunn av at den store frivillige innsatsen hennar mot matavfall.

Alle nominerte var til stades i Operaen i Oslo. Vinnarane fekk overrekt den nye prisstatuetten, ”Nordlys”, av fjorårets vinnarar, og den nye barne- og ungdomslitteraturprisen vart overrekt av den svensken kulturministeren Lena Adelsohn Liljeroth. Nordisk råds prisar er på 350.000 danske kroner og blir delt ut i samband med Nordisk råd si sesjon i Oslo.