Ein ny rapport anbefaler regjeringa å etablere eit nytt valdirektorat utanfor Oslo sentrum, men ikkje lenger unna enn Groruddalen.

NPK-NTB
NPK-NTB

Konsulentselskapet Oslo Economics har på oppdrag frå regjeringa greidd ut dei fem alternativa, og fall ned på at ei plassering i hovudstaden er mest eigna, skriv Bergens Tidende.

Det var regjeringa Stoltenberg som bestilte rapporten i samband med at dei ønskte å etablere eit eige direktorat for val og valgjennomføring. Det er opp til den nye regjeringa å ta stilling til om direktoratet skal etablerast.

Det var fem alternativ som var aktuelle for plasseringa av eit slikt direktorat med om lag 25 tilsette. Det var Bergen, Leikanger, Brønnøysund, Tønsberg og Groruddalen aust i Oslo.

LES OGSÅ: Her er det flest jobbar i staten

– Ikkje overraskande blei det å ha nærleik til styringssystemet avgjerande, og i ein slik samanheng er sjølv Groruddalen langt vekk, seier tidlegare kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp).

Sjølv meinte ho at Leikanger ville vere det beste valet, og at Bergen var eit godt andreval.

Men konsulentane er altså ikkje einige. Utgreiarane peikar på at det i dag allereie finst ein seksjon som jobbar med dette feltet i Kommunal- og regionaldepartementet. Av omsyn til at denne kompetansen ikkje skal gå tapt, tilrår dei å etablere eininga i Oslo kommune.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) seier at han enno ikkje har fått saka på sitt bord. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil flytta statlege arbeidsplassar ut av Oslo

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE