Nominert til Brageprisen 2013

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bragepris-juryen presenterte i dag lista over dei nominerte bøkene i 2013. I den opne klassen har dei dette året konsentrert seg om faktabøker for vaksne.

Mellom barne- og ungdomsbøkene er Så vakker du er av Brynjulf Jung Tjønn frå Feios i Sogn mellom dei nominerte. I klassen for skjønnlitteratur er heile tre poetar nominert, blant andre Ruth Lillegraven frå Granvin med boka Urd.

Open klasse: Faktabøker for vaksne
• Ingvild Wedaa Tennfjord: Skål. Få nese for vin uten å få nesa i sky, Kagge Forlag
• Yann de Caprona: Norsk etymologisk ordbok, Kagge Forlag
• Svennevig, Aalrust m.fl: Norske sjømannstatoveringer, Magikon Forlag
• Hugo Lauritz Jensen: Høyblokken. En bygningsbiografi ,Forlaget Press

Barne- og ungdomsbøker
• Synne Lea og Stian Hole: Nattevakt, Cappelen Damm
• Brynjulf Jung Tjønn: Så vakker du er, Cappelen Damm. Intervju: Bruker nynorsk igjen
• Håkon Øvreås og Øyvind Torseter: Brune, Gyldendal
• Heidi Sævareid: Spranget, Omnipax Forlag. Intervju: Ein plukka blome

Sakprosa
• Steffen Kverneland: Munch, No Comprendo Press. Intervju: Munch – ein ideell teikneseriefigur
• Trude Lorentzen: Mysteriet mamma, Forlaget Oktober
• Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013, Samlaget. Intervju: Trassig og sta i hundre år
• Bergsveinn Birgisson: Den svarte viking, Spartacus

Skjønnlitteratur
• Øyvind Rimbereid: Orgelsjøen, Gyldendal
• Dag Solstad, Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896, Forlaget Oktober
• Nils Chr. Moe-Repstad: Teori om det eneste, Flamme Forlag
• Ruth Lillegraven, Urd, Tiden

Les siste boknytt her!